Frelse til folk rundt oss
Gravferder er betre enn festivalar!

Gamle og nye former

Eg har dei siste månadene besøkt fleire ulike kyrkjelydar. Dei har stått i ulik tradisjon og har hatt ulik bakgrunn. Dei har vore både gamle og nye med høg og låg gjennomsnittsalder. Dei har brukt både gamle og nye former, nokon har vore høgtidelege og stive andre uformelle og frie. Eg har møtt både gamle og unge menneske, folk som har vore kristne i mange år og folk som har vore nye på vegen. Gudstenestene har vore av varierande kvalitet og kor stor grad folk har teke del og vore med å skapa liv og glede har det vore veldig stor skilnad på.

Det eg har oppdaga er at alle desse kristne frå ulike samanheng og tradisjonar ber på den same lengt etter å sjå menneske verta frelst og lagde til flokken av aktive truande. Dei ber på den same lengt etter samlingar med Guds nærvær og åndeleg oppbygging. Felles for dei fleste er også ei erkjenning av at former ikkje skaper innhald og liv medan alt liv skaper former. Jamvel om form og stil kan vera ledig og fri er det inga garanti for åndeleg innhald Guds frelsande nærvær. Såkalla nye og frie former kan også verta eit tomt skal når ein ikkje gjev rom for folk til å vera stille for Anden, høyra hans røyst og dela med andre det Anden vil seia til kyrkjelyden.
Den alvorlege og høgtidelege stilen med gamle songar og salmar til treg musikk tiltalar ikkje meg, det er ikkje min smak rett og slett. Når det er sagt, må eg skunda meg til å leggja til at den masete pinsekarismatiske stilen heller ikkje tiltalar meg! Den gamle forma opplevast som eit trongt bur kor eg ikkje får uttrykkja den takksemd og glede eg kjenner inni meg over å vera Guds barn. Den nye forma druknar meg i lyd, store ord og eit trøyttande mas om kva vi må gjera: sitja stå, løfta hender, ropa, jubla, klappa, dansa, lovsyngja, tilbe. Dette maset gjer det vanskeleg for oss i salen å verta opptekne av Herren og tilbe Gud i ånd og sanning. På denne måten kan både gamle og nye former hindra oss å stiga fram for Herren i takk og tilbeding.
Det er balsam for sjela å vera i samlingar som vert leia av menneske som har funne kvile ved Jesus føter og ikkje har trong for å prestera noko eller å kommandera alle til å oppføra seg på ein viss måte. Det er balsam for sjela å vera i lag med folk som vågar å sleppa Anden til, folk som ikkje er fastlåste i program og tilvante måtar å gjera ting på. Det er balsam for sjela å berre kunna stiga fram for Gud saman med andre søsken i trua og berre vera for Herrens åsyn og nyta hans nærvær. Det er balsam for sjela å kunna kvila i Guds nåde på ein slik måte at dei åndelege nådegåvene vert frigjort og Guds ord og kraft får setja folk fri frå seg sjølv i Guds frelsande og lækjande nærvær.
Ein eldre mann som nettopp hadde vorte ein kristen sa: ”Det var så fint då vi hadde generasjonsgudsteneste, kvifor kan vi ikkje ha det slik kvar søndag? Dei vanlege gudstenestene vert så tunge og keisame!” Det hjelper ikkje kor gjennomtenkte og kristelege alle elementa i ei gudsteneste er, om forma skaper avstand og ikkje hjelper folk til å møta Gud og elska og tena han.
Vi har mykje arbeid som må gjerast med formene våre, både dei nye og dei gamle, så dei ikkje står i vegen for oss og hindrar oss i å tilbe i ånd og i sanning når vi kjem saman som Guds folk.
Tekst: Erling Thu

Comments