Ikkje eigen interesse, men Guds vilje!
Kristne heimar er livsviktige!

Evangeliet i ei ny tid

Evangeliet vart til i ei ny tid. Den gamle tida med lovtrældom var over. Dei religiøse leiarane forsto ikkje det tidsskifte dei levde i. Difor var dei ikkje i stand til korkje å forstå tida dei levde i eller dei folka dei var sett til å hjelpa. Dei hadde berre gamle svar på avleggse problemstillingar! Dei hadde ferdige formuleringar som hjelpte folk i farne tider, men dei hadde ikkje noko å seia til dei lengtane folk bar på i si eiga tid! Difor hadde dei ikkje noka godt nytt å fortelja til folk, berre gamle klisjear og utslitne ord som vart opplevd som fordømmande.

Må Gud hjelpa oss så vi ikkje vert som dei religiøse leirane på Jesus tid. Må Gud hjelpa oss så vi ikkje går i forsvar for gamle former og formuleringar. Må Gud hjelpa oss til å forkynna godt nytt for menneske som har kome bort frå Gud, men som lengtar heim utan å veta kva dei lengtar etter! Om vi forstår evangeliet, vil det vera godt nytt i kvar ny tid, i møte med alle slags menneske!
Det er frigjerande å lesa om Jesus og sjå kor fri han var frå tilvante gjeremåtar og vanlege tankemønstrar. Han braut med gamle tradisjonar og var ikkje bunden av vedtekne tolkingar av Guds lov. Han kom med eit heilt nytt perspektiv på Guds lov. Han fekk folk til å sjå at lova handla om kjærleik, miskunn og truskap, - til Gud og våre medmenneske! Han fekk folk til å sjå at Gud gav lova for mennesket si skuld, - at det var for det beste for menneska! Mennesket var ikkje til for dei religiøse institusjonane, men alle religiøse institusjonar var til for mennesket! Han sette mennesket med sine lengtar, behov og smerte i sentrum! Difor vart alt han sa og gjorde godt nytt for dei som hadde det vondt og lengta etter ei endring av si livsstode!
Det er frigjerande å sjå korleis Jesus møtte menneske og forkynte evangeliet for dei. Han ser ikkje ut til å ha hatt noka fast mønster eller formular som han brukte på alle han møtte. Det verker som Jesus tok kvart menneske for å vera eineståande og tok utgangpunkt i deira stoda då han forkynte evangeliet – godt nytt - for dei. Han kunne vera i lag med alle slags menneske. Han gjekk inn til syndarar og landssvikarar, men han gjekk også inn til teologane og dei velsette i samfunnet. Han hadde ei evne til å møta folk med nåde som gjorde han velkomen både hjå fattige og rike, religiøse og verdslege.
Jesus gjorde ordet frå Gud personleg for dei folka han møtte! Han talte slik at dei forstod kva han meinte. Og han talte slik at dei skjønte at han forstod dei og deira stode. Ordet frå Gud vart personleg og nært gjennom hendene og munnen hans! Ord og handling var i samsvar med kvarandre. Difor vart han opplevd som ekte og forkynninga hans vart godt nytt for dei som leita etter ein annan Guds røyndom enn det dei såg i det offisielle religionssystemet.
Om vi forstår evangeliet, vil det vera godt nytt i kvar ny tid, i møte med alle slags menneske! Evangeliet er levande og frigjerande, det er Guds kraft til frelse og utfriing. Evangeliet er godt nytt til alle menneske som kjem til kort! Evangeliet er godt nytt for alle menneske som ber på draumar og lengtar! Evangeliet er godt nytt for alle menneske som er fanga av materialismens skarpe klør. Evangeliet er godt nytt for alle menneske som leitar etter ei djupare meining med livet. Evangeliet er godt nytt for alle menneske som har så mykje pengar at dei ikkje veit kor dei skal finna ekte lukke! Evangeliet er godt nytt for dei som er så fattige at dei ikkje veit når dei kan ha sitt neste måltid! Evangeliet er godt nytt for dei som har gjennomskoda meiningsløysa i samfunnet og leitar etter eit alternativ, - noko å leva for. Evangeliet er godt nytt for alle menneske som ønskjer ei endring av livet sitt!
Evangeliet kan aldri avgrensast til gamle ord og uttrykksmåtar. Evangeliet kan ikkje låsast fast i vedtekne formular og godkjente former. Evangeliet kan ikkje reduserast til metodar eller framgangsmåtar. Evangeliet kan ikkje monopoliserast av organisasjonar eller kyrkjesamfunn. Evangeliet kan ikkje stengast inne i kristelege lokale eller kyrkjelege byggverk. Evangeliet kan ikkje bindast til talarstolar eller gøymast i bøker og traktatar!
Evangeliet er levande og verksamt! Det bryt ut or alle menneskelaga ordningar og rammer. Evangeliet er Guds kraft til frelse og utfriing. På trass av alle våre menneskelege tiltak og aktivitetar vil evangeliet finna sitt frie løp til menneske i ei kvar tid. Det gode er at vi kan vera styrt og leia av evangeliet i det vi tenkjer og gjer. Då vil vi kunna møta menneske der dei er med ord dei forstår og ein bodskap som set dei fri! Om vi let evangeliet få leva i oss og gjennom oss, vil vi verta godt nytt til menneske på arbeidsplassen og nabolaget kvar ny dag!
Evangeliet er godt nytt i alle tider for alle menneske! Difor må evangeliet opplevast som godt nytt! Om det vi forkynner ikkje ver opplevd som godt nytt, kjem vi til kort i formidlinga vår, jamvel om vi bruker dei rette gode orda fedrane våre brukte med stort hell i tidlegare tider!
Det står om Jesus at han er Ordet som vart menneske og tok bustad mellom oss så vi kunne sjå kor herleg, skjønn og vakker Gud er. Det tok han tretti år å festa bu og verta ein av oss før han kunne stå fram og forkynna evangeliet om Guds rike. Då han tok til å forkynna, hadde han alt gått i deira sko og delt deira kår. Han visste kor skoen trykte. Han var vel kjend med liding. Han kjende arbeidslivet frå innsida. Når vi ser likningane han brukte, så forstår vi at han hadde innsikt i menneskelivet i si samtid. Kvardagsvanskane var ikkje ukjende for han. Han kjende til korleis dei religiøse leiarane si utlegging av skriftene vart opplevd som tunge bører og fordømmande ord. Gjennom desse tretti åra før han tok til med si offentlege teneste kraup han under skinnet på folk og kjende samfunnet inn og ut! Fordi han elska folk og forstod menneska i si samtid kunne han forkynna godt nytt for dei i både ord og gjerning!
Det er berre når vi møter menneske med nåde og kjærleik og ikkje med krav og fordømming at vi kan nå dei med evangeliet! Det vi forkynner er berre evangelium frå Gud til menneska når det opplevest som godt nytt! Det er utfordringa vår! Vi har ikkje lov til å kompromissa Guds ord eller Guds lov på nokon måte like lite som vi har lov å fordømma folk. Jesus kom ikkje for å fordømma, men for å frelsa! Om forkynninga vår fører til fordømming og ikkje til frelse, har vi ikkje gjort jobben vår!
Det gode er at vi lever i innhaustingstider. Grøda er veldig stor og moden, i følgje Jesus. Men innhaustingsarbeidarane er få! Den Heilage Ande er rennt ut over alle menneske og dreg dei til Jesus. Anden er vår beste hjelpar til å møta menneske der dei er med personlege ord frå Gud som vert godt nytt for dei i deira stode! Anden hjelper oss å forstå samtida vår og set oss i stad til å forkynna godt nytt for menneske i ei ny tid.
Tekst: Erling Thu

Comments