Grunnleggjande verdiar
Kva er synd?

Å sjå Gud i kvardagen

Gud kjem ofte på andre måtar enn det vi ventar.
Han er ikkje bunden av menneskelege tankar og førestillingar. Han kjem slik han vil, han oppfyller profetordet etter sin eigen plan og ikkje etter våre program. Om vi er audmjuke og åndelege vil vi kunna gjenkjenna Anden i det som hender og forstå at det er Gud som kjem, jamvel om det er på ein uventa måte.

Å kjenna si gjestingstid er å seia ja til Gud og gje Anden lov til å gjera det han vil mellom oss.
Jesus sa at å ta imot det Gud gjer vil føra til fred og framgang. Å ikkje kjenna si gjestingstid, er å seia nei til Gud, fordi vi ikkje forstår det er han som kjem til oss. Det fører sjølvsagt til øydelegging. Utan Gud har vi inga framtid. Om vi ikkje kjenner vår gjestingstid, står vi berre att med våre eigne menneskelege krefter, og dei kjem vi ikkje langt med. Å kjenna si gjestingstid er å bøya seg i støvet for å ta imot nåde.
Den som er villig til å høyra, vil læra Gud å kjenna! Den audmjuke vil få nåde til å vera med på det Gud gjer i si samtid!
Difor seier Guds ord (Hebr.3,7-8; Op.2,7: I dag om du høyrer Guds røyst, så gjer ikkje hjarta ditt hardt! Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane! Herre, miskunna deg over oss, lær oss å leva slik at vi kan høyra di røyst og sjå din finger i vår kvardag!
Det er tre hjartevanar som vil hjelpa oss til å forstå vår gjestingstid.
Desse tre hjartevanane vil næra ein åndeleg gjenkjenning av Det Heilage Nærvær i både i vårt og andre sitt liv. Dei tre vanane er: Å lesa og oppfatta det som hender rundt oss , å tenkja og grunda på det som skjer i augneblinken, og å gje eit gjensvar på det som skjer no.
Desse tre vanane bruker vi når vi les i Bibelen eller i avisa. Vi gjer bruk av dei når vi ser på eit bilete eller ein reklametekst. Dei ligg i botn av hjarta og hjelper oss i vårt møte med andre menneske, på tomannshand eller i eit menneskemylder. Vi kan sjå på ein film, nyta naturen eller berre slappa av saman med venner. Dei vil hjelpa oss å fanga inn heilage augneblink av Guds nærvær i eit smil, eit oppmuntrande ord, eit sleivspark eller i eit barn som treng hjelp.
Å lesa eller oppfatta kva som hender rundt oss, er å vera tilstades i vår eigen kvardag.
Det er å vera vaken og ikkje gå i halvsøvne gjennom livet. Det er å bruka alle sansane våre til å sjå kva som hender på overflata, i det synlege og høyrlege. Det er å ta og føla på livet som kjem oss i møte kvart einaste augneblink.
Å tenkja og grunda på det som skjer i augneblinken er å bruka tankane våre og ikkje minst hjarta for å finna ut kva som ligg under overflata.
Det var kanskje berre eit vanleg sleivspark frå ein som har for vane å slengja med leppa, men det stakk deg i hjarta for Gud var i det. Du trong å høyra det. Eller kanskje du såg eit par utslitne sko eller to svoltne auge. I ein augneblink kjenner du Det Heilage Nærværet, du står framføre ein av Herrens minste brør og kan gjera ei velgjerning mot Herren. Eller du kan vera i eit møte som ikkje synest å gå noko veg og du grundar på kvifor medan du roper til Herren i hjarta ditt. Då får du ein tanke, eit ord som viser vegen vidare ved å hjelpa folk til å festa augo på Jesus og ikkje på menneske.
Å gje eit gjensvar til det som skjer no, er å gje det rom i hjarta, så vi gjev Gud vår tilbeding og våre medmenneske nestekjærleik.
Det er å audmykja seg under Guds mektige hand og venda seg bort frå alt han peikar på som ikkje er til hugnad for han. Det er å handla på det vi ser og høyrer på ein slik måte at vi vert Guds svar på den stoda vi er i. Det kan vera å gje naboen ei hjelpande hand, å kjøpa ei ny skjorte til arbeidskameraten din, eller kanskje ein iskrem til eit barn. Det kan vera å ta del i samtalen med eit spørsmål eller audmjukt seia ”Så seier Herren” og bera fram Herrens ord. Det handlar heilt enkelt om å gje eit ekte gjensvar til det Anden gjer i oss og rundt oss no.
Det handlar om å vera like uberekneleg som vinden, fordi du vert ført hit og dit av Anden.
Han hjelper deg å sjå din eigen kvardag med nye auge. Han hjelper deg å koma frå nye vinklingar og finna gode løysingar. Han gjer at du vert forfriskande på alle du er i lag med, fordi du er så ekte menneskeleg når du ber Jesus fram. Å kjenna si gjestingstid er å sleppa Anden til i kvardagen. Då vil Jesu Kristi nåde og Guds kjærleik flyta gjennom deg til andre menneske.

Comments