Bønn for byen vår
Ektemål, skilsmål og gjengifte

Seksualitet

Kva seier Bibelen om heterofil og homofil seksuell aktivitet?

Menneska er seksuelle skapningar – skapt i Guds bilete
I motsetnad til visse andre religiøse og filosofiske system, gjev Bibelen oss eit svært positivt bilete av den menneskelege seksualitet. Alle menneske er, i følgje Bibelen, skapt i Guds bilete (1.Mos.1,27). Seksualiteten er ein del av det å vera skapt i Guds bilete, som mann eller kvinne. Seksualiteten er ein viktig del av vår personlegdom, viktig side av kven vi er, ikkje berre ei skildring av kva vi gjer!

Bibelen fortel oss at dei første menneske var nakne saman utan å skjemmast. Dei kroppslege forskjellane mellom mann og kvinne gav ingen grunn til å vera flau (1.Mos.2,25). Elskovsleiken og seksualakta er i Bibelen skildra i svært positive vendingar: ”Nyt livet med den kvinna du elskar” (Fork.9,9), ”Gled deg over din ungdoms kone. Fryd deg støtt ved hennar barm, lat alltid hennar kjærleik gjera deg ør!” (Ord.5,18-19). Heile Salomos Høgsong er eit stort og vakkert kjærleiks dikt. Det fargerike språket og dei poetiske vendingane i Høgsongen må ikkje åndeleggjerast på ein slik måte at den fysiske lidenskapen mister sin naturlege fryd og spenning.
Apostelen Paulus har den same positive innstilling til seksualitet. Han skriv strengt imot dei som vil forby folk å gifta seg eller at dei må avstå frå seksuelt samliv (1.Tim.4,3-5; 1.Kor.7,5). Slike haldningar er vranglære, seier han. Seksualiteten er ei gåve vi skal ta imot med takk, og ektepar har eit gjensidig ansvar for å tilfredstilla kvarandre sine seksuelle behov (1.Kor.7,3-4).
Det er opplagt at seksualitet har med forplanting å gjera (1.Mos.1,28). Gud ønskjer at ektefolk skal få mange barn (Sal.127; 128). Men det seksuelle samliv er meir enn samleie for å få barn. 1.Mos.2 skildrar korleis Gud skapte mann og kvinne til å utfylla kvarandre og gjera kvarandre heile. I forholdet mellom ektemannen og kona har det seksuelle samlivet også til formål å binda dei to saman og styrkja dei i forholdet deira (1.Mos.2,24).

Verknadene av syndefallet
Då menneska gjorde opprør mot Guds gode vilje ved å lytta til djevelens slue råd og synda mot Guds ordning (1.Mos.3), vart heile skaparverket påverka. Alt det skapte vart lagd under forgjengelegdom (Rom.8,20-22) og kampen for å overleva vart født. Det gode forholdet mellom mannen og kona vart øydelagd. Den gode varme tilliten vart bytta ut med svik, mistru og skuldingar mot kvarandre. Der det før berre var kjærleik og glede kom det inn tendensar til manipulering og dominering av kvarandre. Nakenskapen skapte no skamkjensle og frykt, for dei tok til å sjå kvarandre som sexobjekt i staden for menneske med fysiske ulikskapar (1.Mos.3,7-10). Til og med forplantinga vart påverka i negativ retning idet at den fantastiske opplevinga av å føda barn vart forstyrra av møde og smerte.
På grunn av synd kom menneska til å verta styrte av egoisme og trong til tilfredstilla seg sjølv og sine eigne lyster på alle områder. Mennesket gjekk sin eigen veg og gjorde ting på sin eigen måte. Maktkamp og utnytting føregår no på mange plan og område. Heile verda ligg i det vonde og er merka av synd (1.Joh.5,19).

Seksuallivet høyrer ekteskapet til
Heilt frå opphavet av menneske soga har ekteskapet vore Guds gode ordning for menneska. Ekteskapet er og har vore den grunnleggjande byggjeklossen i eit velordna og godt fungerande samfunn. Som alt anna godt har ekteskapet sitt opphav i Guds kjærleik og er Skaparens norm for menneskeleg samliv.
Gjennom heile Bibelen vert det understreka at seksuallivet høyrer ekteskapet til. Ekteskapet er den trygge ramme for sex og familieliv. Guds ordning er veldig enkel: Det er ikkje godt å vera åleine, for mennesket er skapt for trufast samliv. Det sjuande bodet seier: Du skal ikkje bryta ekteskapet (2. Mos.20,14). Du skal trufast halda deg til ektefellen din heile livet, for Gud hatar skilsmål (Mal.2,16). Jesus seier at Gud har bunde mann og kone saman i ekteskapet og at ingen må løysa opp denne samanbindinga (Matt. 19,6).
Ekteskapet er frå opphavet meint å vera monogamt og livslangt. Ektefolk er på grunn av den pakta dei har gjort med kvarandre bundne til kvarandre heilt til døden skil dei frå kvarandre. Når ein ektefelle døyr er ekteskapet slutt og den gjenlevande kan gifta seg på ny.

Bibelen gjev fire grunnar for ekteskap:
1. Forplanting - mangfaldiggjering – fostring av gode samfunns borgarar (1. Mos.1,28). Ekteskapet har som formål å føra slekta vidare. Familien er den trygge og gode ramme for barn å veksa opp i. Ekteskapet – giftarmålet – familien skaper det rette miljøet for å læra å bøya seg for autoritet og å ta omsyn til andre. Her lærar vi å ha rett vørdnad og respekt for dei som står over oss, og vi lærar å ta oss av andre som treng hjelp.
2. Fellesskap – vennskap – for å utfylla, utvikla og hjelpa kvarandre (1. Mos. 2,18). Menneske er eit sosialt vesen, skapt for fellesskap. Det er ikkje godt for noka menneske å vera åleine, vi treng nokon som kan utfylla oss og vera ein hjelpar som svarar til oss. Mennesket er skapt i Guds bilete til mann og kvinne. Vi er skapt til å stå i eit forpliktande forhold til ein av eit anna kjønn slik at vi saman kan vera eit fargerikt bilete av fellesskapet i Den Treeinige Gud og uttrykkja hans gode og mangfaldige vesen.
3. Heilaggjering – å læra å styra og utnytta dei grunnleggjande menneskelege drifter som tildømes seksualdrifta rett (1. Tess.4,3-8; 1. Mos.2,24). ”For at de ikkje skal driva hor, skal kvar mann ha si kone og kvar kvinne sin mann” 1. Kor.7,2. Seksuallivet er ein viktig del av det menneskelege tilværet og Gud har gjeve ekteskapet kor mann og kone kan nyta dei seksuelle gleder i eit trygt og trufast forhold. Det seksuelle samlivet er i bibelsk lys uttrykk for kjærleik til gjensidig glede og styrking av vennskapen og stadfesting av paktsforholdet i ekteskapet og har ein viktig funksjon utover det å setja barn til verda.
4. Profetisk mysterium – å avspegla på jorda forholdet mellom Kristus og kyrkja. Ekteskapet er meint å vera eit profetisk teikn, eit synleg uttrykk av himmelen på jorda, mellom menneske som elskar kvarandre, underordnar seg under kvarandre og tek seg av kvarandre slik Kristus tek seg av Kyrkja. Ekteskapet er meint å vera ein forsmak på himmelen! Heimen er meint å vera ein himmelsk koloni på jorda. Når Det nye testamente omtalar ekteskapet er denne profetiske dimensjonen ofte framme som det styrande i forståinga av det heilage fellesskapet mellom mann og kone i ekteskapet. Mannen er hovud for kvinna liksom Kristus er hovud for kyrkja. Difor skal mannen elska kona si og leggja ned livet sitt for henne for å få fram det beste og det vakraste i henne, liksom Kristus elska Kyrkja og gav seg sjølv for henne for å stella henne fram for seg i herlegdom. Einskapen og samhaldet i ekteskapet er eit stort mysterium som avspeglar forholdet mellom Kristus og kyrkja.

Bibelske restriksjonar på seksuell aktivitet
Det er ikkje populært å snakka om restriksjonar av noko slag i dag og slett ikkje på seksuell aktivitet, men Bibelen gjer det. Postmoderne menneske trur at alle personlege val er like gode. Ingen må tru dei er betre enn andre på grunn av etnisk bakgrunn, religion, kultur eller seksuelle legningar. Ingen bør dømma andre for at dei gjer det som er best for dei sjølve! Denne postmoderne haldninga kan kanskje uttrykkja ei sanning om våre relative menneskelege vurderingar, men samsvarar det med Guds syn? Kva om det finnest ein Gud som har skapt oss og som har eit anna syn som han ein dag skal dømma oss alle etter? Kva om vi alle ein dag skal gjera rekneskap for korleis vi har levd i forhold til Guds lov? Vi må også innrømma at det finnest grenser for vår toleranse av haldningar og handlingar, for vi godtek ikkje rasisme, nazisme, mobbing, kriminalitet osv.
I våre dagar er eit aktivt seksualliv av mange sett på som ein menneskerett og noko som er nødvendig for den menneskelege helse og velvære. Dette er eit nytt syn som overser det faktum at mange som ikkje kan fungera seksuelt (på grunn av impotens eller andre funksjonshemmingar) likevel kan leva meiningsfulle liv. Å ha sex er på ingen måte livsnødvendig slik som mat og klede. Det er heller ingen menneskerett. Mange menneske, uavhengig av deira seksuelle legningar, har ikkje høve til full seksuell utfalding. Om det ikkje er ei ønskjeleg stode for dei, er det likevel noko dei godt kan leva med.

Bibelen forbyr all utanomekteskapeleg sex!
Du skal ikkje bryta ekteskapet eller driva hor (2.Mos.20,14; 1.Kor.6,9; 1.Tess.4,3-5; Gal.5,19; Hebr.13,4)
Du skal ikkje ha sex med dine eigne barn eller nære slektingar (3.Mos.18,7-18)
Du skal ikkje ha sex med ein av same kjønn (3.Mos.18,22; 20,13; 1.Kor.6,9; 1.Tim.1,10; Rom.1,26-27)
Du skal ikkje ha sex med eit dyr (3.Mos.18,23)
Desse bibelorda fordømmer konkrete seksuelle aktivitetar, men talar ikkje om lyster eller freistingar. Å verta freista eller kjenna lyst til noko treng ikkje vera synd. Det er når vi gjev rom for lystene og leikar med dei i hjarta og ser på nokon med lyst at vi alt har synda i hjarta (Matt.5,27-28). Her stiller heterofile og homofile lyster og freistingar på lik linje. Dette er viktig å gje akt på, for det minner oss på at Bibelen rosar dei som vinn over freistinga (slik som Josef og Jesus) og fordømmer dei ikkje fordi dei vart freista. Dei som aldri har vorte freista til seksuell synd er ikkje nødvendigvis heilagare enn dei som har stått imot freistinga, dei er berre uprøvd på dette området.
Desse bibelorda gjer det heilt klart at Gud forbyr all heterofilsex med ein du ikkje er gift med samstundes med all homofilsex. Bibelen grunngjev som regel ikkje desse forboda med anna enn at dette er Guds påbod. Nokre få gongar når Bibelen forbyr utanomekteskapeleg sex kjem nokre forklaringar som er veldig lærerike. Det vises aldri til dei menneskelege følgjene (tildømes: dette er galt fordi det kan føra til sjukdom eller uønska graviditet) eller til motiva for handlinga (tildømes: dette er galt fordi det er gjort i ei ukjærleg ånd). All utanomekteskapeleg sex er galt i seg sjølv, heilt enkelt fordi kroppen ikkje er laga for seksuell umoral. Dei som tek del i seksuelle synder (forbode seksuell aktivitet) syndar mot sin eigen kropp (1.Kor.6,13,18). Det seksuelle samleiet er eit eineståande kroppsspråk som Skaparen har gjeve til ektefolk for å uttrykkja og stadfesta det spesielle, eksklusive og livslange forholdet mellom ein mann og ein kone i det paktsforholdet Bibelen kallar ekteskap.
Det er også verdt å merka seg at mange av dei klaraste orda mot homoseksuell aktivitet kjem frå apostelen Paulus i Det nye testamente (Rom.1,26-27; 1.Kor.6,9-10; 1.Tim.1,9-10). Avsnittet i Rom.1,18-32 gjev oss somme forklaringar som er verdt å leggja merke til. Apostelen skildrar i dette avsnittet korleis menneske handlar mot betre vitande ved ikkje å æra og takka Skaparen (for alle kan skjøna kor stor og god han er på grunn av det fantastiske skaparverket hans), men gjev seg av med å tilbe dei tinga Gud har skapt i staden. Difor overlet Gud dei til seg sjølve og i sine syndige og skammelege lyster vanæra dei kroppen sin. Både kvinner og menn bytte om eit naturleg seksualliv (med ein ektefelle av motsatt kjønn) med eit unaturleg seksualliv (med ein person av same kjønn). Homoseksuell aktivitet vert klart sett som eit brot på den naturlege orden skapt av Gud. Difor er ein slik seksuell aktivitet mot Guds gode vilje, for Gud skapte mennesket til å leva saman som mann og kvinne i eit livslangt ekteskap. Kvar homoseksuell akt er unaturleg, ikkje fordi det er imot den individuelle legning, men fordi det strir mot Guds skaparordning for seksuallivet.

Å leva ut sine legningar og lyster
Å leva ut sine lyster eller legningar er ikkje eit alternativ Bibelen gjev oss. Jesus gjer det heilt klart at vi må seia nei til seksuelle lyster og seksuelle aktivitetar utanom ekteskapet (Matt.5,27-32; 19,4-12). Det same gjer apostlane (Ap.gj.15,28-29; 1.Kor.5-6; 1.Tess.4,3-8; 1.Tim.1,9-10; Hebr.13,4). Om ein ikkje har gåve til å leva avhaldande seksuelt, må ein gifta seg (1.Kor.7,2). Av same grunn bør ektefolk ha regelmessig samleie (1.Kor.7,3-5).
Bibelens råd til dei som vert utsett for seksuelle freistingar er veldig praktiske: Fly frå freistinga! Då Josef vart invitert av ein annan manns kone til å liggja med henne, rømde han frå huset dei var i (1.Mos.39,12). Apostelen Paulus seier at dei kristne må følgja hans eksempel (1.Kor.1,18; 2.Tim,2,22). Dette er eit råd som kjem av ei realistisk forståing av kor sterk seksualdrifta kan vera, men Den Heilage Ande kan hjelpa ein kvar kristen til å vinna kampen mot seksuelle freistingar. Anden hjelper oss til sjølvkontroll så vi kan vinna over alle slags syndige vanar (1.Kor.6,9-11; Gal.5,22-23; 2.Tim.1,7).
Bibelen gjev oss berre to alternativ: sølibat eller trufast ekteskap. Desse alternativa vert gjevne til unge og eldre, enkjer/enkjemenn eller dei som aldri har vore gifte. Bibelen seier klart og tydeleg at kona eller mannen din skal vera ditt einaste seksuelle fokus. Tilfredstill kvarandre. Nyt samlivet med kvarandre. Å ha sex med nokon utanom ekteskapet mellom mann og kvinne er ikkje noko alternativ for dei som vil leva etter Guds ord. Bibelen oppmuntrar oss til å nyta det seksuelle samlivet i ekteskapet, og løftar opp sølibatet for dei som ikkje kan eller vil gifta seg. Både ekteskapeleg samliv og sølibat er ærbare liv. Det finnest ingen andre alternativ!

Kristne haldningar til dei som lever i synd
Alle menneske har synda og kjem til kort i forhold til Guds heilage standard. Likevel lærer Bibelen oss at Gud elskar alle menneske og vil at dei skal læra sanninga å kjenna, venda om og verta frelste (1.Tim.2,4; 2.Pet.3,9). Gud elska oss medan vi endå var syndarar og hjelpelause i vår gudløyse, og var fiendar av Gud (Rom.5,6-10)! Difor må vi vera kjærlege og vennlege mot alle menneske, uansett kven dei er og korleis dei lever. Vi må be Gud om nåde til å til å vera vislege og kjøpa den laglege tida når vi er saman med folk som ikkje kjenner Gud. Vi må alltid la orda våre vera vennlege, men ha salt og kraft i seg, så vi kan gje rette svar i samsvar med Guds ord (Kol.4,5-6).
Når det gjeld folk som gjer krav på å vera kristne og som lever i strid med Guds bod, skal vi halda oss borte frå dei, i følgje den apostoliske undervisinga i 1.Kor.5. Føresetnaden er sjølvsagt at vi har følgd framgangsmåten Jesus lærte oss å bruka i Matt.18,15-20). Når vi har snakka med dei og vist dei kva Guds ord seier, og dei ikkje vil venda om for si syndige framferd og bøya seg for det Bibelen seier, då skal vi ikkje lenger ha noko samkvem med dei og vi må ikkje bryta brødet ilag med dei! Guds ord seier:
I brevet til dykk skreiv eg at de ikkje måtte ha noko å gjera med folk som lever i hor. Då meinte eg ikkje alle som driv hor her i verda, heller ikkje dei pengekjære, ransmennene og avgudsdyrkarane. For då måtte de gå ut or denne verda. Det eg meinte, var at de ikkje skal ha samkvem med nokon som vert kalla kristen bror, men er ein horkar, havesjuk, avgudsdyrkar, spottar, drikkar eller ransmann. Eit slikt menneske skal de heller ikkje eta i lag med. (1.Kor.5,9-11)
Veit de ikkje at dei som gjer urett, ikkje skal arva Guds rike? Far ikkje vilt! Korkje horkarar, avgudsdyrkarar, ekteskapsbrytarar, eller menn som ligg med menn eller lèt seg bruka til dette, korkje tjuvar, pengekjære, drikkarar, spottarar eller ransmenn skal arva Guds rike. Somme av dykk var ein gong slike. Men de har late dykk vaska, de er helga, ja, rettferdige for Gud i Herren Jesu Kristi namn og ved vår Guds Ande. (1.Kor.6,9-11)

Somme av dykk var ein gong slike! For nokre trøytefulle ord. Gud tilgjev og gjev nåde til å venda om. Han kan vaskar folk reine frå all slags synd. Han kan helgar folk heilt igjennom. Han gjer folk rettferdige så dei kan leva eit nytt liv!
Dei kristne i Korint følgde apostelen si undervising og støytte han som levde i seksuell synd ut or det kristne fellesskapet for at han skulle gå i seg sjølv og finna frelse. Denne framgangsmåten vart til frelse både for syndaren og det kristne fellesskapet. Kyrkjelyden fekk vist alvoret i si tru på den apostoliske rettleiinga og det førte til omvending for syndaren som vart tilgjeven og gjenreist til fullt medlemskap i det kristne fellesskapet (2.Kor.7). Om vi som høyrer Herren til følgjer den bibelske framgangsmåten som Jesus og apostelen Paulus viser oss, vil vi halda kyrkjelydane reine og hjelpa syndarar til omvending og frelse!

Comments