Historia om Joseph Schultz
Andens vind bles

Minnedikt til mor

Det finnest berre ei Mor!
DSCF0105.JPG

Det finnest stjerner i tusental på himmelen
- men det finnest berre ei Mor!
- Med livet sitt viste ho oss den rette vegen
Det finnest uteljande mengder av blomar i skog og mark
- men det finnest berre ei Mor!
- Med sin veremåte spreidde ho ein godange av tryggleik og glede
Det finnest tusenvis av bier som samlar honning
- men det finnest berre ein Mor!
- Med sine milde og søte ord turka ho tårene og lokka smilet fram
Det finnest uteljande maur som byggjer si tue,
- men det finnest berre ei Mor!
- Saman med far bygde ho ein glad og trygg heim
Det finnest millionar av glitrande doggdropar som helsar ein ny dag velkomen,
- men det finnest berre ein Mor!
- Ho metta oss med god mat og vermde oss med heimelaga klede kvar dag
Det finnest tallause fuglar som syng sin song,
- men det finnest berre ei Mor!
- Formaningane hennar var vakrare enn all fuglekvitring
Det finnest tusentals diamantar og edelsteinar
- men det finnest berre ei Mor!
- Hennar minne vekker til live gode og gilde kjensler
Det finnest uendelege mange perler og smykke
- men det finnest berre ei Mor!
- Hennar trygge omtanke og milde omsorg kan ikkje verdsetjast her på jord
Det finnest ufattelege rikdomar på denne jord,
- men ingen rikdom er større enn det å ha ei mor!

Det finnest berre ei Mor! – berre ei Mor med stor M! Det er Mora vår!

Mor lærte oss å elska
- ved å teia og lida og tena, viste ho kva kjærleik er!
Mor gav oss lysande verdiar
- som vi trygt kan styra livet etter
Mor lærte oss å verdsetja den sanne rikdomen
- det som er reint og rett, heilagt og godt, ærleg og sant
Mor kasta glans over alle gjeremål
- ho lærte oss å sjå det store i det små

Mor vart gammal og skrøpeleg
- men var krona med den kvitaste hårkrans
- det var mest som ho bar ein glorie den siste tida
Mor vart krokryggja og skral til beins
- men ho vart skjønnare dess skrøpelegare ho vart
Mor var veik og heldt på å verta hjelpelaus
- men augene hennar var så levande og smilet var så varmt
Mor hadde furer i ansiktet og litt skrukkute hud
- sjukdom, strev og eit langt liv hadde sett sine vakre merke
- dei milde furene og rynkene var som eit klassisk kunstverk
- trass den skrøpelege kroppen var det noko så useieleg fint med henne
- det var som ein stor kunstnar hadde teikna inn
- sitt himmelske merke av herlegdom på henne

Vi takkar deg Gud for Mora vår!
Takk at du gav oss ei Mor som bar oss fram!
Takk at du gav oss ei Mor som gav oss livet!
Takk at du gav oss ei Mor som passa på oss!
Takk at du gav oss ei Mor som gav oss varme klede og kjærleg omsorg
Takk at du gav oss ei Mor som gav oss gode ord og strenge formaningar
Takk at du gav oss ei Mor som lærte oss å be!
Takk at du gav oss Mora vår, vi kunne ikkje ha fått nokon betre!

Tekst: Erling Thu
Skrive til mors gravferd den 5. des. 2002
Kristi Thu, f. Egeland 15.10 1917 – d. 26.11.2002

Comments