Elvar av levande vatn
Gamle og nye former

Frelse til folk rundt oss

Gong på gong minner Herren oss om sitt frelsande forsett og sine frelsande gjerningar. På mange ulike måtar talar han til oss for å få oss til å ha rett fokus i livet vårt og gjera oss til medarbeidarar for sin frelsesplan i vår tid. Anden seier med tydelege ord at vi lever i ei tid med vekking og innhausting, vi må berre intensivera bønnelivet og fortelja med stort frimod til alle menneske at Gud frelsar.

Livsens vatn flyt!
Jesus seier: "Den som tyrstar, skal koma til meg og drikka. Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn." (Joh.7,37-38)
Jesus er den einaste som kan sløkja den tyrst moderne menneske har etter noko meir enn materielle ting. Folk er trøytte av tom underhaldning og lengtar etter noko som gjev meining. Å kjenna Jesus er det einaste verkelege livet og sjølve meininga med livet. Det er vårt store ansvar og privilegium at Jesus vil gjera seg kjend for folk rundt oss gjennom oss.

Nåden er ufatteleg stor!
Der synda er stor er nåden større, seier Guds ord! Det vi har opplevd av Guds nåde så langt kan liknast med å stå ved stranda av havet og dyppa tåa nedi medan havet strekk seg lengre enn auga kan sjå. Vi er takksame for det vi har sett og opplevd av Guds nåde, men det er berre dråpar av det store havet. Det er i dag eit aukande nærvær av Guds frelsande og utfriande nåde for menneske vi møter! Lat nåden få sleppa til gjennom deg!

Guds herlegdom er hans frelsande nærvær!
Gud viser sin herlegdom gjennom sine frelsande gjerningar mellom folket sitt. Han kallar oss djupare inn i sitt nærvær. I Guds nærvær kan synd og ureinskap ikkje verta ståande, anten skjer det ei omvending eller ei fortæring av det syndige med døden til følgje. Berre dei reine av hjarta kan sjå Gud! Alt ureint vert brend opp når hans herlegdom syner seg. Guds frelsande nærvær skal merkast meir og meir så fleire og fleire kan sjå hans herlegdom!

Gud vil bruka oss til å føra frelse til folk rundt oss!

Comments