Frigjer vokster og utvikling
Tidsskifte – tideverv

Folk spør etter å få sjå Jesus!

I Johannes evangeliet finn vi forteljinga om grekarane som gjerne ville sjå Jesus. Andreas og Filip gjekk til Jesus med ønsket deira. Då gav Jesus dei eit uventa svar:
Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, er og vert det berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde. (Joh.12,24)
Den som elskar livet sitt, misser det; men den som hatar livet sitt i denne verda, skal berga det og få evig liv. Om nokon vil tena meg, må han fylgja meg, og der eg er, der skal tenaren min òg vera. Den som tener meg, han skal Faderen æra. (Joh.12,25-26)
Eg må ærleg seia at eg har stussa litt på dette svaret Jesus gav dei på bakgrunn av at folk ville sjå han. I første omgang verkar svaret avvisande, men ser vi nøyare etter oppdagar vi kva som ligg Jesus på hjarta. Det som ligg på Jesus hjarta er at mange skal få sjå han gjennom mange menneske. Skal det henda, må vi ikkje vera opptekne av oss sjølve og våre former eller måtar å gjera ting på. Det er berre når kveitekornet vert lagd i jorda og døyr, at det kan gje stor grøde. Om ikkje dette hender vil det berre verta verande eit korn åleine.
Jesus er kveitekornet som vart lagd i jorda og døydde. Men frå hans død spirde det fram ein ny kropp, ei ny form, eit nytt uttrykk for livet i kornet, som gav liv til mange fleire korn med det same liv i seg. Når så desse nye korna vert lagde i jorda og døyr, gjev dei liv til stadig fleire menneske, - det vil seia at mange fleire menneske får sjå Jesus gjennom stadig fleire menneske som er livgjevande i heile sin måte å vera på.
Når vi ser samanhengen denne forteljinga om grekarane står i, forstå vi at religionen hindra folk i å koma til Gud. Grekarane hadde ikkje tilgjenge til påskefeiringa i templet. Den jødiske religionen stengde dei ute som ureine. Dei ti boda hadde vorte til tusenvis av bod og reglar om kva ein kunne gjera eller ikkje gjera. Religionsvaktarane var harde og fordømmande.
Heller ikkje i den religiøse begeistringa på palmesøndag fekk dei møta Jesus. Lovsong og glede er sjølvsagt rett, men den ytre begeistringa treng ikkje vera livgjevande! Det er skræmande kort veg mellom hosianna ropa på palmesøndag og krossfest han ropa på langfredag!
Jesus seier at kveitekornet må leggjast i jorda og døy for å føra livet vidare! Det ytre skalet må gjennombløytast, mjuknast opp og brytast ned av fukta i jorda. Spirekrafta i kornet må frigjerast. Ei livsform må døy og vika for ei ny form for veksande liv. Den nye livsspiren syg næring frå det gamle kornet og jorda det er sått i! Parallellane til prosessane dei kristne fellesskapa må gå gjennom for å vera livgjevande er tydelege for dei som har opne auge og øyrer.
Gud har kalla oss til å vera livgjevande. Då må vi minka så han kan veksa. Då må vi forstå at det er sælare å gje enn å få. Det må prega oss at det er større å bøya seg ned å tena enn å sitja høgt og styra! Den som elskar sitt eige liv vil missa det, medan den som seier ne til seg sjølv, vil gje liv og velsigning til mange. Dette må levast ut i nærmiljøet vårt. I heimen, på skulen, på arbeidsplassen, i cellegruppa, i bydelen, i byen, i fylket, i landet og heilt til verdens ende!
Stadig fleire menneske spør om å få sjå Jesus! Det er ei åndeleg oppvakning i vår tid. Folk søkjer åndelege opplevingar. Materialismen og rasjonalistisk kristendom har kome til kort. Folk søkjer etter åndelege realitetar. Om vi følgjer i Jesu fotefar og døyr til oss sjølve, kan vi visa folk kven Jesus er og hjelpa dei til å oppleva korsets frigjerande kraft.

Comments