Eit sunt kristenliv
Frelse til folk rundt oss

Elvar av levande vatn

Det sentrale i Jesu forkynning og undervisning var evangeliet om Guds rike. Gjennom sine gjerningar demonstrerte han Guds rike som hadde vorte kjøt og blod i han. Han brukte mange bilete for å hjelpa læresveinane å få tak i det inste vesen i dette riket. Sjølvsagt auste han frå den rikdom av førestillingar og bilete som dei profetiske skriftene i Det Gamle Testamente er fulle av.

Difor brukte han uttrykk som: ”Skrifta har sagt!” ”Skrifta kan ikkje gjerast om inkje.” ”Tru ikkje at eg er komen for å oppheva lova eller profetane! Eg er ikkje komen for å oppheva, men for å oppfylla. Sanneleg, det seier eg dykk: Før himmel og jord forgår, skal ikkje den minste bokstav eller ein einaste prikk i lova forgå - før alt har hendt” (Joh 10,35; Matt.5,17-18).
På den største festdagen for jødane stod Jesus fram og tala om den livsforvandlande og dynamiske krafta i Guds rike, som er eit rike i Den Heilage Ande (Joh.7,37-39). Det bilete han no bruker, er levande vatn som renn i strie straumar ut i eit turt og avsvidd landskap for å gjera det grønt og fruktbart. Jesus sa at Skrifta hadde sagt at dette levande vatnet, dette dynamiske livet, som forandrar omgivnadene, skulle renna i fossande elvar frå dei som trur.
Skrifta har sagt at våre vise ord er som ein forfriskande bekk som vell fram (Ord.18,4). Den Heilage Andes forvandlande kraft syner seg i måten vi snakkar på. Når vi har kome inn i Guds rike og Guds rike har kome inn i oss vil vi døyva sinne, setja mot i folk og formidla liv og helse ved orda våre.
Når heimane våre er gjennomsyra av Guds rike, seier Skrifta (Jes.58,11-12) at dei vil vera som ein vassrik hage, ja som ei rennande kjelde som velsignar nabolag og skule. Då vil barna våre vera med å gjenreisa den kristne grunnvollen i nærmiljøet og gjera det til ein god og trygg plass å leva. Mange menneske vil verta tiltrekt av den gode atmosfæren, den reine humoren og den positive innstillinga som sermerker alle i ein slik heim.
Når Guds folk lever eit Guds rike liv saman i samfunnet, seier Skrifta (Esek.47,1-12) at dette livet vil gjera samfunnet friskt og gje lækjedom til folkeslag og nasjonar. Då vil alle ætter på jorda verta velsigna i Kristus (1.Mos.12,3; Gal.3,8) og dei vil få del i Anden (Gal.3,14; Rom,14,17).

Comments