Ektemål, skilsmål og gjengifte
22/02/2004
Hausten 2003 var vi Pastoralnettet i Bergen samla på Gullbotn for å drøfta kva Bibelen seier om ektemål, skilsmål og gjengifte. Vi hadde ein veldig fin dialog om vanskelege ting. Eg gjer no innlegget mitt tilgjengeleg for alle som arbeider med desse emna og som ønskjer å hjelpa andre.
Ekteskap, skilsmål og gjengifte
Heilt frå opphavet av menneske soga har ekteskapet vore Guds gode ordning for menneska. Ekteskapet er og har vore den grunnleggjande byggjeklossen i eit velordna og godt fungerande samfunn. Som alt anna godt har ekteskapet sitt opphav i Guds kjærleik og er Skaparens norm for menneskeleg samliv.
Guds ordning er veldig enkel: Det er ikkje godt å vera åleine, for mennesket er skapt for trufast samliv. Det sjuande bodet seier: Du skal ikkje bryta ekteskapet (2. Mos.20,14). Du skal trufast halda deg til ektefellen din heile livet, for Gud hatar skilsmål (Mal.2,16). Jesus seier at Gud har bunde mann og kone saman i ekteskapet og at ingen må løysa opp denne samanbindinga (Matt. 19,6).
Ekteskapet er frå opphavet meint å vera monogamt og livslangt. Ektefolk er på grunn av den pakta dei har gjort med kvarandre bundne til kvarandre heilt til døden skil dei frå kvarandre. Når ein ektefelle døyr er ekteskapet slutt og den gjenlevande kan gifta seg på ny.
Bibelen gjev fire grunnar for ekteskap:
1. Forplanting - mangfaldiggjering – fostring av gode samfunns borgarar (1. Mos.1,28). Ekteskapet har som formål å føra slekta vidare. Familien er den trygge og gode ramme for barn å veksa opp i. Ekteskapet – giftarmålet – familien skaper det rette miljøet for å læra å bøya seg for autoritet og å ta omsyn til andre. Her lærar vi å ha rett vørdnad og respekt for dei som står over oss, og vi lærar å ta oss av andre som treng hjelp.
2. Fellesskap – vennskap – for å utfylla, utvikla og hjelpa kvarandre (1. Mos. 2,18). Menneske er eit sosialt vesen, skapt for fellesskap. Det er ikkje godt for noka menneske å vera åleine, vi treng nokon som kan utfylla oss og vera ein hjelpar som svarar til oss. Mennesket er skapt i Guds bilete til mann og kvinne. Vi er skapt til å stå i eit forpliktande forhold til ein av eit anna kjønn slik at vi saman kan vera eit fargerikt bilete av fellesskapet i Den Treeinige Gud og uttrykkja hans gode og mangfaldige vesen.
3. Heilaggjering – å læra å styra og utnytta dei grunnleggjande menneskelege drifter som tildømes seksualdrifta rett (1. Tess.4,3-8; 1. Mos.2,24). ”For at de ikkje skal driva hor, skal kvar mann ha si kone og kvar kvinne sin mann” 1. Kor.7,2. Seksuallivet er ein viktig del av det menneskelege tilværet og Gud har gjeve ekteskapet kor mann og kone kan nyta dei seksuelle gleder i eit trygt og trufast forhold. Det seksuelle samlivet er i bibelsk lys uttrykk for kjærleik til gjensidig glede og styrking av vennskapen og stadfesting av paktsforholdet i ekteskapet og har ein viktig funksjon utover det å setja barn til verda.
4. Profetisk mysterium – å avspegla på jorda forholdet mellom Kristus og kyrkja. Ekteskapet er meint å vera eit profetisk teikn, eit synleg uttrykk av himmelen på jorda, mellom menneske som elskar kvarandre, underordnar seg under kvarandre og tek seg av kvarandre slik Kristus tek seg av Kyrkja. Ekteskapet er meint å vera ein forsmak på himmelen! Heimen er meint å vera ein himmelsk koloni på jorda. Når Det nye testamente omtalar ekteskapet er denne profetiske dimensjonen ofte framme som det styrande i forståinga av det heilage fellesskapet mellom mann og kone i ekteskapet. Mannen er hovud for kvinna liksom Kristus er hovud for kyrkja. Difor skal mannen elska kona si og leggja ned livet sitt for henne for å få fram det beste og det vakraste i henne, liksom Kristus elska Kyrkja og gav seg sjølv for henne for å stella henne fram for seg i herlegdom. Einskapen og samhaldet i ekteskapet er eit stort mysterium som avspeglar forholdet mellom Kristus og kyrkja.
Kva er eit ekteskapsforhold?
I våre dagar lever mange i sambuarforhold og stadig fleire barn vert født utanfor ekteskapet. Det er også ganske vanleg å ha tilfeldig sex i lause forhold. Kvifor er det ikkje godt nok å verta glad i nokon, flytta saman og få barn? Kvifor kan ei slik samlivsform ikkje godkjennast av kristne? Kvifor kan ein ikkje ha sex med den ein vil, når ein vil? Heilt enkelt fordi nokre viktige ting må vera på plass først! Sambuarskap og seksuell lauslivnad strir mot Guds gode ordning for menneskeleg samliv.
I den bibelske forteljinga om det første ekteskapet (1. Mos. 2,18-25) finn vi fire grunnleggjande ting som må vera tilstades når to menneske skal leva saman. Det er desse fire tinga som gjer at ekteskapet vert ein god familie og ein sterk byggjekloss i heile samfunnslivet. Både Jesus og apostlane viser til denne forteljinga når dei talar om Guds gode og evige ordning for mennesket.
1. Godkjenning og vern frå samfunnet. Det første ekteskap vart til då Skaparen og Herren over heile universet gav mannen ei kone. Difor må alle ekteskapelege forhold ha ei offentleg godkjenning. Dette finn vi gjennom heile Bibelen. At to menneske lever saman og får barn er ikkje ei privat sak, men har å gjera med heile samfunnet. Korleis samfunnet godkjenner og vernar om ekteskapet og kva slags ordningar, seremoniar og ritual som er knyta til dette, vil skifta frå kultur til kultur og frå tid til tid, men fordi ekteskapet er ei ny sosial eining gjeld det heile samfunnet!
2. ”Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si”. Mannen går ut frå faren sin autoritets område og mora si daglege omsut og stell for å vera hovud i eit nytt sjølvstendig forhold i ekteskapet med kona si. Han står ikkje lenger under far sin, men grunnlegg ei ny sosial eining. Han tek leiinga i eit nytt forhold med nye prioriteringar og ansvar. Det same gjeld kona som skiljest frå familien sin og vert del av ein ny familie.
3. ”Og halda seg til kona si”. Truskap og lojalitet er innhaldet i dette uttrykket å halda seg til. Det handlar om å gje seg til kvarandre i varm og trufast kjærleik. Det er det motsette av å skiljast frå, det handlar om å verta limt saman og halda fast på kvarandre. Dette påbodet frå Gud understrekar at ekteskapet er meint å vara livet ut, for det som Gud har bunde saman i ekteskapet skal ikkje menneske skilja (Matt.19,6). Korkje mannen eller kona har lov å gje slepp på den andre, men må trufast halda seg til ektemaken sin.
4. ”Dei to skal vera eitt!” Den fysiske einskapen mellom mann og kvinne fullendar ekteskapet. Det seksuelle samlivet høyrer berre til i ekteskapet. Eit ekteskap er heller ikkje skikkeleg oppretta før ein gjennom seksuell einskap har vorte ein lekam. Difor vert seksuell utruskap kalla for ekteskapsbrot i Bibelen. Moselova kravde dødsstraff for ekteskapsbrot, - eit kvart seksuelt forhold med ein/ei som alt var gift, trulova eller som tilhøyrde ein annan. Bibelen tillet heller ikkje intime seksuelle forhold utanfor ekteskapets gode ramme.
Før mann og kvinne kan verta eitt gjennom seksuelt samliv, må dei tre første tinga vera på plass. Samfunnet kan godkjenna og verna om mange slags forhold, og det kan finnast element av å skiljast og halda seg til i mange forhold, men den seksuelle einskapen gjennom samleie er ein eksklusiv rett som berre mann og kone som er rette ektefolk har.
Ekteskapsbrot, skilsmål og gjengifte
I Moselova var det dødsstraff for hor og ekteskapsbrot (5. Mos.22,13-27). Den som vart teken i hor vart steina til døde medan den gjenlevande eller uskuldige ektefellen var fri til å gifta seg på ny.
Skilsmål tykkjest å vera ålment godteke (3.Mos.21,7,14; 22,13; 4.Mos.30,10). Det tykkjest å vera ålment godteke som ein rett mannen hadde å kunna senda kona si frå seg slik Abraham gjorde med Hagar (1.Mos.21,14). Esra oppmoda til og med alle mennene som var gift med ikkje-jødiske koner å skilja seg frå dei (Esra 10). Det tykkjest også å vera ålment godteke at ein mann kunne ta seg så mange koner han hadde råd til.
Dei fråskilde jødiske kvinnene kunne sjølvsagt gifta seg på ny. Ein prest kunne ikkje gifta seg med ei fråskild kvinne, kona hans måtte vera jomfru. Ei fråskild prestedotter fekk tilbake alle rettane sine som prestedotter om ho ikkje hadde barn. Orda til ei fråskild kvinne var meir bindande enn orda til ei kone.
Moselova (sjå 5.Mos.24,1-4) gav ein mann lov å skiljast frå kona si om han fann noko han ikkje lika ved henne og begge kunne sjølvsagt gifta seg på ny! Men ein mann hadde ikkje lov å ta kona tilbake om ho hadde vore gift med ein annan i mellomtida. I to tilfelle hadde menn heller ikkje rett til å skilja seg frå kona si (5.Mos.22,19,29), begge desse hadde samband med urett mannen hadde gjort mot kvinna som gjorde at han mista retten til skilsmål! Hadde han vitna rangt om kona si, skulda henne for skammelege ting med urette, då kunne han ikkje skilja seg frå henne så lenge han levde. Hadde mannen forført ei ungjente og hatt sex med henne utan å vera trulova eller gift med henne, måtte han gifta seg med henne, og kunne ikkje skilja seg med henne så lenge han levde. Dette er dei to einaste unntaka på mannens rett til skilsmål som er nemnde i lova.
Jesu undervisning om ekteskapsbrot, skilsmål og gjengifte
Vi vil no sjå på nokre avsnitt i evangelia kor Jesus snakkar om ekteskapsbrot (= utruskap = sex med ein gift person som ein ikkje er gift med), skilsmål og gjengifte. Når vi tek for oss orda slik vi møter dei frå Matteus og utover oppdagar vi at Jesus ikkje godtek den liberale praksis som jødane hadde:
Lyst som ekteskapsbrot Matt.5,27-30
Den som ser med lyst etter ei kvinne (2.Mos.20,17 – 10.bod), han har alt gjort ekteskapsbrot (moichevo) med henne i hjarta sitt.
Gjengifte som ekteskapsbrot Matt.5,31-32
I jødisk lov viste ekteskapsbrot berre til kona si dårlege oppførsel, ikkje mannen si oppførsel. Jesus er sjølvsagt usamd i dette (5,28), men fordi han snakkar til jødar omtalar han berre kona sitt brot her. Både jødisk og romersk lov kravde skilsmål ved ekteskapsbrot. Jødiske menn tok retten til skilsmål og gjengifte som sjølvsagt jamvel om det var ulike meiningar om kva grunn dei kunne skilja seg for.
Jesus gjer det her klart at han tillet berre skilsmål om kona har vore utru og drive hor (porneia). Han tykkjest å rekna alle andre skilsmål som ugyldige, difor er gjengifte i desse tilfelle ekteskapsbrot.
Grunnar for skilsmål (Matt.19,1-12)
Jødane diskuterte lovlege grunnar for skilsmål på grunnlag av 5.Mos.24,1-4.
Shammai lærte at skilsmål berre var tillate om ektemaken var utru.
Hillel lærte at ein mann kunne skilja seg frå kona si av kva grunn som helst.
Jesus tek dei tilbake til Guds opphaveleg plan for ekteskapet som monogamt og livslangt, ein einskap, ein samanbinding, kor to har vorte eitt under det same åk (1.Mos.2,24). Denne einskapen skal ikkje øydeleggast! Skilsmål var aldri i Guds plan!
Shammai tillet ikkje skilsmål utan at kona hadde vore utru (eller forsøkt å vera det), men såg ikkje på gjengifte etterpå som ekteskapsbrot.
Jesus er meir konsekvent: Den som skil seg av gyldig grunn, utruskap, kan gifta seg på ny.
Om ein skil seg utan gyldig grunn, er ikkje ekteskapet oppløyst og når ein så giftar seg på ny er det ekteskapsbrot.
Ved å svara farisearane på denne måten, legg Jesus ansvaret på dei som spør om ein mann kan skilja seg for kva grunn som helst, så dei kan ransaka motiv og praksis hjå seg sjølve. Han gjer det klart at det Gud har bunde saman kan skiljast, eit ekteskapsforhold kan verta øydelagd, og han legg ansvaret på den som tek initiativ til at forholdet døyr. I dette er kvar handling som fører til at eit ekteskapsforhold bryt saman inkludert.
Læresveiane vart forfærde av denne strenge og konsekvente læra og seier at då var det betre å ikkje gifta seg. Vi må forstå dette på bakgrunn av at for jødiske menn var skilsmål ein sjølvsagt rett. Å gifta seg utan rett til skilsmål (foreldra arrangerte ekteskapa og deira val av partnarar viste seg ikkje alltid å vera dei beste) gjorde ekteskapet skræmande!
Skilsmål er forbode (Markus 10,1-12)
Har ein mann lov å skilja seg? Kva har Moses bode? Gjennom dette spørsmålet tvingar Jesus farisearane til å innsjå at Moses ikkje har påbode skilsmål, men berre tillate det under visse forhold.
Jesus gjer det så klart at skilsmål aldri var i Guds tankar, men berre eit monogamt og livslangt samliv.
Då læresveinane var åleine med han spurde dei han ut og fekk eit enkelt generelt svar at fordi Gud ikkje reknar skilsmålet som gyldig, er den mann som skil seg frå kona si ikkje verkeleg skild, og om han giftar seg på ny gjer han seg skuldig i ekteskapsbrot.
Det same gjeld om ei kvinne tek initiativ til skilsmål (noko ho ikkje kunne etter jødisk lov, men etter romersk lov som galdt i Palestina på Jesu tid) og giftar seg på ny.
Ingen har tidlegare uttale seg så strengt om skilsmål og gjengifte. (Fordi dei fleste jødiske lærarar tillet polygami, ville dei ikkje ha sett på det å gifta seg med ei andre kone som ekteskapsbrot jamvel om dei var samde i at mannen framleis var gift med den første kona! Men Jesus tek bort denne doble standarden. Ein mann som held seg til to kvinner gjer like mykje ekteskapsbrot og driv hor som ei kvinne som held seg til to menn.) Jesus ønskjer tydelegvis å understreka at ein skal vera trufast mot den eine ektemaken sin livet ut og ikkje skilja seg eller ta seg fleire koner.
Skilsmål og gjengifte er forbode (Lukas 16,18)
Jødane tillet ein mann å skilja seg, men Jesus seier at fordi skilsmålet er ugyldig i Guds auge så er eit kvart påfølgande ekteskap ekteskapsbrot.
Korleis skal vi forstå dei ulike orda i Markus, Lukas og Matteus?
Kan det vera at Jesus med desse sterke orda i Markus og Lukas vil seia at hovudregelen er at skilsmål er forbode fordi det bryt med Guds opphavelege plan, medan han i Matteus seier at det finnest unntak frå hovudregelen der skilsmål og gjengifte er tillate når den andre parten alt har brote ektepakta på ein slik måte at ho ikkje kan vølast?
Det som er heilt klart er at det ligg Jesus på hjarta å ta vare på einskapen og samhaldet i ekteskapet og unngå at nokon øydelegg dette med ekteskapsbrot, skilsmål eller utuktig framferd. Det er berre når den eine ektefellen har vore utru og drive hor, at Jesus tillet den uskuldige eller trufaste parten å skilja seg og gifta seg på ny. Prinsippet som ligg til grunn for det Jesus seier i Matt.19 tykkjest å vera at pakta er broten og har opphøyrt å vera til, paktsbrytaren er å oppfattast som død, og den trufaste har ingen plikter lenger i forhold til den trulause og kan gifta seg på ny.
Guds ordning for ekteskapet var gjensidig kjærleik, støtte, hjelp, truskap og eit framhaldande seksuelt forhold. Der det skortar på kjærleik, vørdnad og omsut, kjem forholdet til kort og treng å vølast. Når den eine parten nektar den andre ekteskapeleg samliv (til dømes ved å senda ektefellen frå seg) då er den parten medansvarleg for det ekteskapsbrot den fråskilde gjer seg skuldig i. Om ein nektar ekteskapeleg samliv i ekteskapet har ein alt teke eit alvorleg steg i retning av å øydeleggja forholdet (noko Paulus stadfestar i 1.Kor. 7,5). Å sjå på ei kvinne med lyst etter henne er også eit slikt steg, for ein gjer ekteskapsbrot i hjarta (Matt.5,27).
Jesus talar ikkje om ekteskap som alt har vorte øydelagde. Han talar til folk som framleis er gifte, folk som lever i ekteskapsforhold. I alle tre evangelia seier Jesus at den som skil seg frå kona si for å gifta seg med ein annan driv hor eller gjer ekteskapsbrot. Jesus fordømmer den handling som fører til at et ekteskap vert oppløyst for å inngå i eit nytt forhold. Det ligg tydeleg på Jesu hjarta å hindra at ekteskapet vert øydelagd og ektefelle skilde.
Det er interessant å merka seg at når Jesus omtalar skilsmål og fråskilde folk, verkar det som om han går ut frå at dei ikkje vil verta verande åleine, men at dei kjem til å gifta seg på ny. (Det strir mot menneskenaturen å vera åleine om ein ikkje er gjelding og det er difor naturleg at folk giftar seg!) Den som skil seg av ugyldig grunn valdar difor at andre driv hor med vedkomande ved å gifta seg med henne/han.
Apostelen Paulus om skilsmål og gjengifte
Paulus er sjølvsagt på linje med Jesus i si undervisning om ekteskap, skilsmål og gjengifte. Han understrekar at ekteskapet er meint å vera eit livslangt forhold som skal avspegla forholdet mellom Kristus og kyrkja. Han gjev mange gode råd om å skapa gode heimar der mannen som hovud elskar kona si slik Kristus elska kyrkja og kona lyder mannen sin i alle ting slik kyrkja lyder Kristus, og kor barna vert oppseda til å æra og ottast Gud og lærar han å kjenna (Ef.5,22-6,4).
I breva sine til dei nye kristne fellesskapa understrekar han at alle seksuelle forhold utanom ekteskapet mellom mann og kvinne er synd (Rom.1,26-27; 7,2-3; 1.Kor.5,1-11; Gal.5,19; 1.Tim.1,10). Han lærar også at fordi seksualakta skapar eit fysisk forhold mellom to menneske så skil den seksuelle umoralen seg frå andre synder ved at den er synd mot sin eigen kropp (1.Kor.6,13-17). Han har eit positivt forhold til seksuallivet som er Guds gåve til dei som er gifte så dei ikkje skal brenna av lyst. Ektefolk skal ikkje nekta kvarandre samliv, dei skal berre vera avhaldande for kortare tid om gongen når dei har vorte samde om det for å leva i bønn og faste (1.Kor.7,2-9).
Sidan Paulus står i eit fellesskapsbyggjande arbeid møter han mange ulike problemstillingar i samband med ekteskap, skilsmål og gjengifte som han må ta stilling til. I 1.Kor.7 svarar han på spørsmål frå kyrkjelyden i Korint om dette. Det er veldig interessant å merka seg grunngjevingane til Paulus for dei mange svara og råda han gjev og korleis han skil mellom Herrens bod og sine eigne meiningar. ”Dei som er gifte, byd ikkje eg, men Herren” – ”Til dei andre seier eg – dette er mine ord, ikkje Herrens” – ”Om dei ugifte har eg ikkje noka bod frå Herren, men eg seier mi meining” – ”etter mi meining, og eg trur at eg og har Guds Ande.” I følgje Paulus tala Jesus til dei gifte og Paulus er sjølvsagt samd i alt han har sagt. Men når han skal ta stilling til problemstillingar som ikkje han har noko klart ord frå Herren om, då bruker han sitt kristne vit som er opplyst ved Den Heilage Ande til å gje råd som kan hjelpa dei kristne til å leva i fred med andre menneske og mest mogeleg til hugnad for Gud i ei vanskeleg tid.
Først gjer Paulus det heilt klart at ein kristen aldri må gifta seg med ein ikkje-kristen, for dei har like lite felles som lys og mørker (1.Kor.6,14-16).
7,1 – det er godt for ein mann at han ikkje rører ei kvinne
(good not to marry NIV)
Det kan vera at nokre av dei kristne tenkte slik det var vanleg mellom grekarane: sex er flott så lenge ein ikkje vert bunden i eit ekteskap (sjå 1.Kor.6,12-21). Andre som Paulus her skriv til er alt gift (7,2-5) og avstår frå ekteskapeleg samliv med ektefellen sin. Paulus seier at det er for seint å velja sølibatet når ein alt er gift (7,5-7).
7,2 – for at de ikkje skal driva hor, skal kvar mann ha si kone og kvar kvinne sin mann
Jødane såg den seksuelle intimiteten mellom mann og kone som det beste hinder for seksuell umoral og Paulus er samd i dette i samsvar med mellom anna Ord.5,19-20. Ha si kone og ha sin mann avspeglar eit greske uttrykk for å ha eit seksuelt forhold med dei.
7,3-7 – ektefellar må gjera sin skyldnad mot kvarandre
Jødiske ekteskapskontraktar hadde med mange av mannen og kona sine plikter. Ein av hovudpliktene for mannen var samleie. Paulus ser på samleie som ei gjensidig skyldnad kor ein ønskjer å tilfredstilla kvarandre. Jødiske lærarar prøvde å formulera reglar om kor lenge ein mann kunne avstå frå samleie med kona si. Nokre sa ei veke, andre sa to. Jamvel om ikkje Paulus ville gjera lengre avhald til grunn for skilsmål slik jødiske lærarar gjorde, ønskjer han tydelegvis å avgrensa til og med seksuelt avhald ein har vorte samde om, for ikkje å utsetja kvarandre for freisting frå Satan. Paulus påbyr ikkje avhald, men gjev dei lov til å vera avhaldande for kortare periodar!
7,8-9 – det er godt å vera ugift, men ikkje alle har gåve til det
Det har sine klare fordelar å vera ugift (sjå 7,32-34), men ikkje alle er utrusta til ein slik livsstil! Det er mykje betre å gifta seg enn å brenna av lyst! Ekteskapet er det beste bolverk mot hor!
7,10-11 – forbod mot skilsmål
Her byd apostelen dei gifte med eit bod frå Herren at dei ikkje skal skilja seg frå ektefellen sin. Om dei skil seg, må dei leva ugift eller semjast med kvarandre og ta opp at samlivet sitt. Dette er å forstå som eit generelt forbod for kristne ektefolk å skilja seg.
Denne strenge haldninga er heilt eineståande for den tida det vart sagt i. Kvinnene kunne i det jødiske Palestina på den tida berre ”forlata” men ikkje skilja seg frå mannen sin, medan begge kunne ta initiativ til og krevja skilsmål utan den andre sitt samtykke under romersk lov. Gjengifte var normalt alltid lovleg.
7,12-16 – kva med blanda ekteskap og ufrivillig skilsmål?
Paulus må no sjå på kva Jesu forbod mot skilsmål har å seia i ei konkret stode. Det var heilt vanleg at eit prinsipielt standpunkt måtte prøvast, brukast og tilpassast konkrete stoder. Her gjeld det blanda ekteskap og ufrivillig skilsmål. Dei fleste første generasjons kristne vart omvend etter dei vart gifte (ekteskap vart vanlegvis ordna av foreldra). Fordi den vantruande ektefellen vert helga ved den kristne si tru, er den generelle regelen at ein kristen ikkje skal ta initiativ til skilsmål. Ein kristen skal korkje forlata eller senda frå seg ektefellen sin.
Både greske, romerske og jødiske lovlærarar diskuterte barna sin status i sosialt blanda forhold. Jødane diskuterte også barna sin status frå eit religiøst blanda forhold. Paulus sitt standpunkt er at barna frå eit blanda forhold vert helga på grunn av den truande, – dei er under påverknad av evangeliet, difor kan dei ikkje brukast som grunn for skilsmål. I det romerske samfunnet gjekk barna vanlegvis til faren og ei kristen kone som vart skild kunne mista høve til å påverka barna sine.
Om den vantruande ektefellen tek initiativ til skilsmål skal den kristne ektefellen ikkje motsetja seg dette, men gjera det ein kan for å leva i fred. I slike tilfelle med ufrivillig skilsmål er ikkje den kristne bunden lenger, men er fri til å gifta seg på ny. Uttrykket ”ikkje bunden” viser til uttrykk og vendingar i jødiske skilsmåls dokument som seier til kona: ”Du er fri til å gifta deg med kven du vil” og ein nyttar ord knyta til fridom frå trældom om skilsmål. Å vera bunden tydde at ein framleis var gift i Guds auge og difor ikkje kunne gifta seg på ny (sjå Rom.7,2-3 og 1.Kor.7,39). Den som var bunden til ein ektefelle skal ikkje prøva å verta fri (1.Kor.7,27). Den som ikkje er bunden, er fri alle bindingar i forhold til ekteskap, og kan gifta seg.
7,17-24 – hald fram der Herren har sett deg i livet!
Om folk er gift eller ugift, træl eller fri, er det greitt å slå seg til ro med sin stand og verta verande i det kall dei hadde då dei vart kalla, og vera der for Gud, men det er sjølvsagt ikkje forbode å endra på sin sosial stand om det er råd.
7,25-40 – råd spesielt til dei ugifte
Ugift - parthenos – tyder vanlegvis ung gifteferdig kvinne, men Paulus tykkjest i dette avsnittet å bruka det om både ugifte menn og kvinner, slik andre også har gjort seinare.
Paulus gjer det klart at han ikkje har noko ord frå Herren om dei ugifte, men seier si meining som ein trufast Herrens tenar som har Den Heilage Ande til å hjelpa seg (7,25,40).
På grunn av den trengseltida dei lever i råder Paulus alle (jomfruer, enker og skilde folk) som kan styra dei seksuelle lystene sine til ikkje å gifta seg, men om dei giftar seg, syndar dei sjølvsagt ikkje (7,26-29,36-38,40). Dei ugifte vert sparte for mange suter og kan konsentrera seg om å vera til hugnad for Herren åleine utan å ha nokon ektefelle dei må gjera til lags (7,32-35).
7,27-28 – om du giftar deg syndar du ikkje
Om du er bunden til ei kone (er gift med henne), så prøv ikkje å verta fri (ikkje skil deg frå henne).
Er du ikkje bunden? – dette er ei dårleg omsetjing av det greske ordet luo (løysa) som andre stader i vår bibel er omsett oppheva, løysa, løysast opp, gå i oppløysing, riva ned, bryta, gjerast om inkje, gjera ende på, gje frå seg! Sjå koss det er omsett i nokre engelske biblar:
Art thou loosed from a wife? KJV
Are you loosed from a wife? NKJV
If you are free from a wife - Jerusalem Bible, Amplified Bible
Are you free from wedlock? Cassier
Have you been released from a wife? NASB,
Has your marriage been dissolved? NEB
Are you free from a wife? NRSV
Det kan vera lite tvil om at det Paulus siktar til her er folk som har vore gift (kanskje før dei kom til tru?), men som no ikkje er det, fordi dei har vorte skilde eller har mista ektefellen sin ved dødsfall. Tekstsamanhengen gjer det mest sannsynleg at det her gjeld folk som har vorte løyst frå ein ektefelle ved skilsmål før dei vart kristne, for dei som har vorte enker omtalar han på slutten av kapitelet. Om dei giftar seg, syndar dei ikkje!
Problemstillingar vi møter i dag
Den eine går frå den andre, – oppfyller ikkje pliktene sine, - møter ikkje dei grunnleggjande behova til ektefellen
”Brått vart eg sitjande att åleine! Ektefellen min berre gjekk ifrå meg! Så vidt eg veit er det inga utruskap i biletet. Er eg dømd til å leva åleine resten av livet og vera bunden til eit ekteskap som ikkje fungerer?”
Som ein trufast Herrens tenar som kjenner Skriftene og har Den Heilage Ande, vil eg gje dette svaret:
Den som går frå ektefellen sin på denne måten, har klart og tydeleg brote ektepakta og ekteskapslovnaden sin. Denne ektefellen er ein paktsbrytar og har dødsdommen hengjande over seg! Den som er den trufaste og uskuldige parten kan difor etter mitt åndelege skjønn ha rett til lovleg skilsmål og gjengifte. Vi kan bruka Moselova til å kasta lys over dette.
I 2.Mos.21,7-11 har vi lova om slavejenter eller medhustruer som ofte var døtrer frå fattige familiar som vart selde til rikare familiar. Lova gjev desse medhustruene serskilt vern. Den som hadde teke jenta til seg som ei medhustru hadde plikt til å gje henne mat, klede og ekteskapeleg samliv. Om han slutta å gje henne dette, skulle han gje henne fri utan betaling. Prinsippet her er at det ikkje er rett å halda ei ”slavekone” i eit forhold kor ho ikkje får dekka sine fysiske og seksuelle behov. Difor må ho setjast fri, så ho kan koma inn i eit forhold kor desse behova vert dekka!
Det er vanskeleg å førestella seg at dette prinsippet ikkje også skulle gjelda vanlege ektefolk. Paulus gjer det jo også klart at den som nektar ektefellen sin seksuelt samliv, gjer at vedkomande vert utsett for Satanske åtak og freistingar! Kan ein trufast ektefelle tenkja seg å gjera noko slikt? Jesus seier at om nokon skil seg frå den trufaste kona si, han valdar at andre bryt ekteskapet med henne (Matt.5,32). Når vi samanheld det Jesus og Paulus seier, kan vi dra denne slutninga: Om den eine parten ikkje gjev den andre ekteskapeleg samliv (ved å forlata eller å skilja seg frå ektefellen sin), og den andre ikkje har gåve til å leva i sølibat, men gifter seg på ny slik Jesus går ut frå vil skje, då har den som ikkje møtte dei lovlege behova ansvaret for ekteskapsbrotet, - jamvel om vedkomande sjølv lever i sølibat! Paulus gjer det også klart at det er betre for alle å gifta seg enn å brenna av lyst.
Vald i ekteskapet
”Han slår meg. Han terroriserer både meg og barna psykisk og fysisk. Han bruker vald mot meg og eg er redd. Må eg verta verande i eit slikt forhold når ektemannen ikkje har drive hor?”
Nei, sjølvsagt treng ein ikkje verta verande i eit slikt forhold! Når alt er prøvd for å hjelpa den valdelege ektefellen til omvending og endra oppførsel (for han treng verkeleg hjelp), og ingenting hjelper, då har den uskuldige ektefellen plikt til å berga seg sjølv og barna sine ved å få slutt på dette uverdige forholdet! Den som over tid bruker fysisk og psykisk vald mot ektefelle og barn er uskikka til ekteskap! Han har heilt klart brote ektepakta, synda grovt mot kjærleiksbodet og sett seg under Guds dom! Han kan gje seg ut for å vera ein kristen, men er verre enn ein heidning (1.Tim.5,8), og må også støytast ut frå det kristne fellesskapet (Matt.18,15-17)!
Når det gjeld vald i ekteskapet, kan vi også bruka eit tilfelle i Moselova som illustrasjon. Om ein mann slår slaven sin og skader synet hans, som er noko av det mest verdifull eit menneske har, eller om han berre skader ei uviktig tann, så må han i begge tilfelle gje slaven full fridom som vederlag for skaden (2.Mos.21,26-27). Prinsippet er at den som skader sin eigen slave, sin eigen eigedom, han er ikkje verdig til å eiga, og den som er utsett for vald har rett på full fridom!
Når så nokon gjer vald mot si eiga kone, då strir det mot all fornuft og er umenneskeleg. Guds ord seier at mennene skal elska konene sine som sin eigen kropp. Den som elskar kona si, elskar seg sjølv. Ingen normale menneske hatar kroppen sin og skadar han, tvert om gjev vi kroppen næring og pleie, slik ein god mann vil ta seg av kona si (Ef.5,28-29). Den som gjer vald mot kona si og skadar henne og sine eigne barn er uskikka til å vera gift og må vernast mot seg sjølv ved at ekteskapet vert oppløyst! Den uskuldige kona er sjølvsagt fri til å gifta seg på ny!
Jesus seier at sinne og vreide er jamgodt med mord og at den som driv med psykisk terror er skuldig til helvetes eld (Matt.5,21-22)! Om dommen for denne synda hadde vorte sett ut i livet, ville valdsofferet gjenvunne sin fridom frå tyrannen og vore fri til å gifta seg på ny. Difor støttar denne utsegna av Jesus opp om det eg har sagt før, at valdsofferet kan ha rett til skilsmål og gjengifte!
(I lova var det også dødsstraff for å vera valdeleg mot sine eigne foreldre)
Tankar om Guds standard og samfunnets lover
Den standard vi finn i Guds ord for ekteskapet og menneskeleg samliv i det heile er oftare og oftare i konflikt med det norske lovverket og vanleg praksis i samfunnet vårt. Slik var det faktisk i Bibelen og. Guds opphavelege meining var at ein mann og ei kvinne skulle leva trufast saman i kjærleik heile livet i det monogame ekteskapet. Likevel går det ikkje lang tid før vi oppdagar at Gud tilsynelatande tillet polygami, skilsmål og gjengifte hjå tenarane sine og folket sitt. Jesus forklarer dette med at Gud tilpassa seg den verkelege stoda der menneska ikkje lenger hadde reine hjarte, men ureine og harde hjarte som var sete for sterke lyster som var vanskelege for dei å styra (Matt.19,8; Markus 7,10).
Samfunnet vedtek i dag og lover som ikkje er i samsvar med Guds opphavelege plan og vilje, etter påtrykk av syndige menneske. Sambuarskap er vanleg og vert regulert av lover. Homofil praksis er godteke og verna, og homofilt partnarskap regulert av lover. Det er lett å skilja seg og det er enkelt å gifta seg på ny om ein tek bryet med det og ikkje heller berre flyttar saman. Sex utanfor ekteskapet er vanleg og vi får stadig lågare seksuell debutalder. Sosialistane har lukkast i sitt korstog mot dei kristne familieverdiane og den kristne seksualmoral. Høgre, det konservative partiet, har vorte ein av dei fremste pådrivarane for å godtaka homofili!
Dette gjer at mange som vert omvend i vaksen alder og kjem til tru og liv i Gud, har ein brokut bakgrunn og kan ha fleire sambuarskap, ekteskap og skilsmål bak seg. Nokon har prøvd å løysa dette ved å hevda at det første ekteskapet framleis gjeld og at dei nyfrelste difor må gå frå den dei no lever saman med. Eg kan ikkje sjå at det er ei bibelsk løysing. Bibelen seier at vi skal vera i den stand vi var i då vi vart kalla (1.Kor.7,17-24). Vi må møta alle desse nye kristne med sin brokute bakgrunn med nåde og forståing, og ikkje med fordømmande krav! Det må bety at vi må tru at når vi vert fødde på ny og vert nye skapningar (Joh.3,3-8; 2.Kor.5,16-17), så får vi også ei ny fortid kor alt det gamle er sletta ut og ikkje lenger vert halde opp mot oss! Tilgjevinga og gjenreisinga i Kristus er total! Vi får ein heilt ny start! Same kva slags liv ein har levd før ein vart ein kristen, så kan ein som ved Guds nåde oppfyller dei krav Guds ord stiller til modnad og kristen karakter, gå inn i alle tenester og funksjoner i det kristne fellesskapet, så sant ein er kalla og utrusta til det.
Den undervisning som Jesus og apostlane gav oss, gjer det veldig klart at Guds krav og standard er mykje høgare og strengare enn det samfunnet ventar av folk. Det inneber at vi ventar at kristne menneske lever annleis enn dei ikkje-kristne og at dei vert vurderte etter strengare kriteria.
Kristne har t.d. berre lov å ta initiativ til skilsmål når den andre parten har vore utru eller brote ektepakta ved å forlata ektefellen eller har vore valdeleg. Om kristne tek initiativ til skilsmål av andre grunnar, skal dei leva ugift eller forlika seg med kvarandre igjen.
Til og med om den eine har vore utru, vil den trufaste kristne prøva å tilgje den skuldige for å redda ekteskapet. For ein kristen er skilsmål siste utveg!
Ingen dobbelt moral
Kristne menneske som av ulike grunnar har eit eller fleire havarerte ekteskap bak seg, kan møta mange fordommar og anklager frå medkristne som ikkje kjenner bakgrunnen for det som har hendt. Det går an å vera heilt uskuldig, men likevel verta stigmatisert som skild og uskikka til å ta ansvarsfulle stillingar i det kristne fellesskapet. Dette må vi ikkje tillata då det strir mot Jesu lære og motseier den kjærleiken, nåden og tilgjevinga vi alle er så avhengige av.
Nokre kristne leiarar vegrar seg for å via folk som har vore skild, same kva årsaka til skilsmålet var. Likevel kan dei råda dei til å gifta seg borgarleg og seinare ta imot dei som fullverdige medlemmer i kyrkjelyden. Kan vi godta at medlem vert borgarleg vigde, må vi også kunna via dei sjølve, elles gjer vi oss skuldige i ein dobbeltmoral som ikkje kan forsvarast.
Oppsummering
Fire grunnar for ekteskap
1. Kvinne og mann treng kvarandre og utfyller kvarandre
2. Ekteskapet er den trygge ramme for barn å veksa opp i
3. Heilaggjering – for å unngå hor og ikkje brenna av lyst
4. Profetisk teikn – å avspegla på jorda forholdet mellom Kristus og kyrkja
Fire nødvendige ting for eit rett ekteskap
1. Godkjenning og vern frå samfunnet
2. Mann og kone grunnlegg ei ny sosial eining med nye prioriteringar og ansvarsforhold ved å flytta frå far og mor sin autoritet
3. Mann og kone held seg til kvarandre i trufast kjærleik livet ut
4. Det seksuelle samlivet fullbyrder ekteskapet og høyrer eksklusivt til ekteskapet
Prinsipp for skilsmål og gjengifte
1. Fysisk død skil det som Gud har bunde saman. Den gjenlevande er sjølvsagt fri til å gifta seg på ny
2. Hor, utruskap, sex med ein annan enn ektefellen skil det Gud har bunde saman. Ein av partane er ansvarleg eller skuldig. Den uskuldige parten er fri til å gifta seg på ny (Matt.5,32; 19,3-9), medan det beste kan vera å hjelpa til omvending, tilgjeving og redda ekteskapet trass i den grove synda ein av dei har gjort, - serleg med tanke på barna.
3. Om ein ufrelst ektefelle ikkje vil leva saman med ein nyfrelst ektefelle og tek initiativ til skilsmål, skal den kristne ikkje motsetja seg dette. Den kristne er då fri til å gifta seg på ny (1.Kor.7,12-15). Den kristne ektefellen har ikkje lov til å ta initiativ til skilsmål!
4. Om ein som er skild kjem til tru og vert ein kristen, vert han/ho råda til å verta verande ugift, men om han/ho giftar seg på ny, syndar han/ho ikkje (1.Kor.7,17-28).
5. Om ein ektefelle er valdeleg (over tid – det er eit mønster og ikkje berre eit fall) mot den andre, er vedkomande uskikka til å vera gift og har ved si vald brote ektepakta. Offeret, den uskuldige parten, er fri til å gifta seg på ny (2.Mos.21,26-27; Matt.5,21-22; Ef.5,28-29; 1.Tim.5,8; Matt.18,15-17).
Styrande prinsipp for vanskelege forhold
Gud hatar skilsmål og idealet for oss alle er eit livslangt samliv i trufast kjærleik. Dessverre går mange ekteskap i stykke og vert oppløyste. (Sambuarskap vert endå oftare oppløyste.) Alle desse samlivsbrota er vanskelege. Ofte er det mange forhold som spelar inn og gjer det vanskeleg å snakka om skuldig og uskuldig. Likevel trur vi at vi ved hjelp av dei prinsipp vi finn i Bibelen kan finna dei beste løysingane for folk i eit kvart uføre dei er kome opp i. I dei neste avsnitta set eg lyset på nokre slike styrande prinsipp vi må tenkja gjennom når vi skal prøva å hjelpa folk til å få skikk på livet sitt etter at dei har rota det til for seg. Eg stiller også nokre spørsmål som kan vera til utfordring og ettertanke utan at eg gjev svar på desse spørsmåla, men let dei hanga litt i lause lufta. Har du svar, meiningar, synspunkt eller fleire spørsmål, tek eg gjerne imot dei!
Lova vart til for mennesket
Det er Jesus som seier dette i møte med dei bokstavtru farisearane (sjå Markus 2,23-3,6) då læresveinane plukka aks på ein sabbat og farisearane kritiserte dei slik dei også gjorde då Jesus lækte folk på sabbaten. Jesus gjorde det heilt klart at menneskets velferd står i sentrum når ein skal tolka lova. Når ei stode er vanskeleg er det alltid rett å gjera det som gjer denne stoda lettare for dei det gjeld! Det er alltid rett å gjera godt og berga liv jamvel om ein bryt føreskrifter i lova når ein gjer det (slik David gjorde)!
Vi må alltid stilla spørsmålet om kva som vil vera det beste for dei det gjeld og ikkje verta fanga av bokstaven i lova, men heller prøva å sjå kva som var den opphavelege meininga.
Vi må ikkje gjera det vanskeleg for dei heidningane som vender om
Det er apostelen Jakob som dreg denne slutninga, som dei andre eldste og apostlar sluttar seg til, på apostelmøtet i Jerusalem (Apgj.15,19,28) og vert nedfelt i det dei vedtok saman med Den Heilage Ande: Det må ikkje leggjast andre bører på dei som kjem til tru enn nødvendig! Det er med andre ord nødvendig å halda seg frå hor (utukt – porneia – seksuelle forhold og handlingar utanom ekteskapet). Det er ei overordna rettesnor at vi ikkje skal gjera det vanskeleg for folk, vi skal ikkje leggja unødvendige bører på folk, men det finnest grenser, bod, lover som ikkje skal brytast!
Det er ikkje godt for mennesket å vera åleine
Alle menneske er skapt for fellesskap. Ekteskapet er norma for menneska.
Inneber det at vi i utgangspunktet bør råda alle til å gifta seg?
Inneber det at om nokon ønskjer å gifta seg og har funne nokon som er villig til å gifta seg med han/henne, at vi må ha veldig gode grunnar for å kunna råda dei til å ikkje gjera det? Kva grunnar er gode nok til å fråråda giftarmål?
Det er betre å gifta seg enn å brenna av lyst
Inneber det at om menneske ikkje har gåve til å leva i sølibat, så er det er eit større vonde å brenna av lyst enn å gifta seg?
Familien er den trygge og gode ramme for barn å veksa opp i
Vil dette innebera at vi prioriterer det å skapa trygge familieforhold, kor barna lærer å dagleg forholda seg til ein far og ei mor, framfor det faktum at den som har omsorgsretten til barna eigentleg ikkje har rett til gjengifte?
Spørsmål om sambuarskap
Vi er samde om at sambuarskap ikkje er rett. Ekteskapet er Guds gode ordning for familie og samliv. Likevel ser vi i Skrifta at eit samleie vert sett på som noko som sameinar og gjer to til eit på ein forpliktande måte (1.Kor.6,15-20) jamvel om dei ikkje er gifte. 5.Mos.22,28-29 skildrar ein valdtekt av ei ungjente som ikkje var trulova. Mannen som krenkte henne er forplikta til å ta henne til kone og kan aldri skilja seg frå henne.
Er eit sambuarforhold likevel forpliktande for dei det gjeld jamvel når ein av dei eller begge vert ein kristen? Må dei flytta frå kvarandre straks dei kjem til tru eller kan dei bu saman til dei har vorte skikkeleg gifte? Har det noko å seia at dei har felles barn eller ikkje?
Om den ikkjekristne sambuaren ønskjer at forholdet skal halda fram og samtykker i å gifta seg, har då den nyfrelste eit ansvar eller plikt til å gifta seg med den ein har levd saman med? Bør vi alltid prøva å få dei sambuande til å gifta seg eller har dei ingen plikter eller ansvar overfor kvarandre om ein eller begge vert kristne? Om sambuarar ikkje har noka ansvar overfor kvarandre når dei vert kristne, kan dei då fritt bryta opp forholdet og leita etter ein ny partnar i kyrkjelyden og gifta?
Kva gjer at det er lettare å via ein som har fleire sambuarforhold bak seg enn ein som har eitt skilsmål bak seg?
Etterord
Dette innlegget vart opphaveleg laga som eit utgangspunkt til samtale i Pastoralnettet i Bergen hausten 2003. Eg har gjort nokre små endringar og klargjeringar, samt eit par nye tillegg. Dei to punkta i konklusjonane mine som kunne misforståast har eg teke bort. Eg ønskjer å arbeida vidare med desse for å koma fram til formuleringar som betre får fram det som låg meg på hjarta og som vi kan samlast om.
Ovanføre har eg stilt spørsmål som kan vera utfordrande og verka leiande, men merk deg at eg ikkje gjev svar på desse spørsmåla, men let dei hanga litt i lause lufta. Dette har eg gjort med vilje for å hjelpa oss til å tenkja gjennom desse utfordringane som vi berre vil møta meir av slik samfunnet vårt utviklar seg. Har du svar, meiningar, synspunkt eller fleire spørsmål, tek eg gjerne imot dei!
Eg tek og med takk imot gode forslag til endringar eller tillegg som vil vera nyttige for oss som arbeider med desse vanskelege problema.
Lat oss gjera det jødane i Berøa gjorde: Ta imot undervisinga med all godhug, og dagleg granska Skriftene, og sjå etter om det er grunnlag i Skrifta for det som vert lært.
Tekst: Erling Thu
Opplysningar om jødiske, greske og romerske skikkar er tekne frå ”The IVP Bible Background Commentary: NT av Craig S. Keener