Eit sunt kristenliv
23/02/2004
Eit sunt kristenliv har fleire klare kjenneteikn. I dag vil eg dela nokre tankar om dette med alle som kjem innom. Det er mi bønn at desse tinga eg her deler skal verta til velsigning og hjelp til ny vokster og åndeleg utvikling.
Eit sunt kristenliv inneber å vera oppteken av det apostoliske oppdraget om å forkynna evangeliet Guds rike slik at folk vender om frå synd og bøyer seg under Jesu Kristi Herredømme. Alle kristne står under Jesu ordre om å gå ut i all verda og forkynna evangeliet for alle menneske. Sunne kristne vil alltid fokusera på å gjera Jesus Kristus kjend, elska og etterfølgd.
Eit sunt kristenliv inneber å ta del i det apostoliske oppdraget om å gjera alle folkeslag til læresveinar slik at heile nasjonar, kulturar og samfunn vert forandra under Jesu Kristi herredøme. Sunne kristne tek trua med seg inn i alle forhold i livet. Kristenlivet må levast ut på arbeidsplassar, skular, nabolag og i alle aktivitetar vi tek del i.
Når folk tek imot evangeliet om Guds rike vil kyrkjelydar verta fødde og byggja på apostel- og profetgrunnvollen. Dei som bøyer seg for Jesus Kristus vil finna saman. Guds rike skapar samfunn, fellesskap, - kyrkjelydar kor Jesus Kristus er hovud. Sunt kristenliv kan aldri levast skilt frå det kristne fellesskapet. Sunne kristne søkjer saman, ber saman, tilber saman, gler seg saman og arbeider saman for å planta nye kyrkjelydar.
Sunne kristne tek imot apostolisk tilsyn som hjelper dei til framgang og glede i trua så dei kan nå sin fulle vokster og ha heile Kristi fullnad. Sunt kristenliv inneber å ta imot opplæring og fostring som fører til åndeleg vokster og utvikling. Sunne kristne arbeider saman for å fostra fram eit profetisk folk som gjennom liv, teneste og forkynning kan vera lys og salt - eit profetisk teikn, ein demonstrasjon av den komande verda.
Sunne kristne vil arbeida for å fremja samhald og einskap mellom alt Guds folk og sjølv vera ein demonstrasjon av eit folk som er forsona med Gud og kvarandre. Det er eit apostolisk oppdrag å syta for at dei ulike flokkane av Jesustruande menneske på dei mange stader rundt om i verda har ei felles oppleving av å vera eitt folk – Guds folk i eit fargerikt og mangfaldig fellesskap. Sunne kristne vil arbeida målretta for å verkeleggjera og synleggjera dette i kva bygd og by.
Kristenlivet er ikkje ein dans på roser eller ei lang rekkje av ulike opplevingar. Kristenlivet er eit kall til arbeid, eit kall til ei gjerning. Alle kristne skulle difor sjå seg sjølv som ein del av eit apostolisk arbeid for å fylla heile samfunnet med kunnskap om Herrens herlegdom. Når eit sunt kristenliv fyller samfunnet vil rettferd og fred råda! Å planta nye kyrkjelydar har vist seg å vera ein god måte å påverka og forandra nærmiljøa.