Hjarteleg til lukke med 60 årsdagen!
Bønnetenesta

Ei tid med vokster – ei tid med mangfald

Gud har den siste tida tala til oss på mange ulike måtar om ei ny tid med vokster og med mangfald. Herren har tala til oss gjennom bilete om å så og hausta, om å skyta nya skot, om at det skal spira og gro mellom oss og om å vera innhaustingsarbeidarar. Folk kjem med ny styrke frå Herrens åsyn og ber fram ord om at vi går inn i ei ny tid med vokster og framgang for Guds rike. Nytt liv skal frigjerast, gåver skal delast ut og vi skal ta nye steg i tru. Guds vind skal blåsa, regnet frå himmelen falla og jorda skal bera si grøde, som er frelse til mange menneske!
Difor kallar Herren oss til eit nytt fokus på bønn og det å forkynna evangeliet for det er det som gjev vokster. Herren vil på ein spesiell måte arbeide mellom to store grupper av menneske: Dei fråfalne, det vil seia dei som har smakt Guds kraft eller sett Guds Ande verka i heimen sin, og dei som ikkje har noka kristen bakgrunn og som ikkje kjenner evangeliet. Dei fleste menneske i vårt land er i ei av desse gruppene. Difor kan vi vera veldig frimodige i å forkynna evangeliet for dei.
Fordi vi lever i ei tid med vokster kan vi alle ta initiativ på nye område og våga å ta nye steg inn i det Gud har tala til oss om! Difor må vi elska fram eit mangfald mellom oss og i den enkelte. Vi må ikkje slå oss til ro med det vi er, men tøya oss etter alt Gud har for oss. Det er ei tid med personleg vokster og fornying. Det er tid med vokster for heile fellesskapet! Det er ei tid med framgang for Guds rike!

Comments