Bønnens kraft
Hjarteleg til lukke med 60 årsdagen!

Det er ikkje godt å vera åleine!

Då Gud skapte såg han på det han hadde laga og sa seg overlag nøgd med det han hadde gjort. Heilt til det første mennesket tok fatt på si livsgjerning åleine, var alt godt. Men Skaparen sa da at det ikkje var godt for menneske å vera åleine. Det streid mot mennesket sin natur, det var jo skapt i Guds bilete, i Guds likning. Og Gud har aldri vore åleine. Han har alltid eksistert som tre i ein og ein i tre, - det er tre personar i Gud. Den Allmektige Gud er eit heilagt samfunn, ein heilag familie: Fader, Son og Heilag Ande.
Difor finn vi at Gud gjer ingenting åleine. Faderen, Sonen og Den Heilage Ande arbeider alltid saman i alt Gud gjer. Då mennesket vart skapt sa Gud: ”Lat oss skapa menneske i vårt bilete, i vår likning! Dei skal ..!” Legg merke til korleis Gud snakkar i oss og vårt når han snakkar om seg sjølv og med ein gong han snakkar om mennesket si oppgåve, seier han dei! Han snakkar om eit fellesskap av menneske som saman skal bera hans bilete og saman vera ein avglans av hans herlegdom!
Fordi Gud er treeining, avspeglar alt Gud gjer mangfald! Han skapar ikkje kopiar, berre originalar. Kvart einaste menneske er unikt og har ein plass i Guds frelsesplan. Det er Guds vilje at kvart menneske skal avspegla sin eineståande del av Guds herlegdom. Alle menneske er skapt i Guds bilete til å vera til lov og pris for hans herlegdom.
Det er ikkje godt å vera åleine. Ingen av oss kan fullføra Guds plan åleine. Vi er skapt for fellesskap. Det vi kan vera saman, er større enn summen av det vi kan vera kvar for oss! Difor må vi læra å tenkja og snakka i det guddommelege og inkluderande oss! Det er for smått å tenkja i meg og mitt! Det er for smått å tenkja på mi forsamling, mitt kyrkjesamfunn! Det er ikkje godt å vera åleine! Vi er skapt for noko større!
Vi er Guds familie! Alle som ved trua på Jesus Kristus er født på ny, er våre søsken. Vi høyrer saman, vi har ansvar for kvarandre! Vi må visa at vi er glad i kvarandre!
Vi er Jesu Kristi lekam. Vi er alle lemmar for kvarandre i ein lekam! Vi har ulike nådegåver, oppgåver og funksjonar, men vi er sett saman på den same lekamen! Saman med alle kristne er vi Kristi skjønne brud!
Vi er ein bustad for Gud i Anden. Vi er levande steinar bygd saman til Guds hus. Måten vi lever saman på, avgjer kor godt Gud kjenner seg heime mellom oss! Lat oss halda saman og byggja saman, for vi treng kvarandre! Ein stein skaper ikkje ein bustad!
Alle kristne på kvar plass er skapt for eit rikt fellesskapsliv! Vi må ikkje stengja oss inne på kvar våre forsamlingshus. Vi er kalla til eit felles liv som avspeglar Guds herlegdom! Lat oss difor verdsetja kvarandre og gje rom for alle individuelle variasjonar mellom forsamlingane og stå fram som eitt folk, ei kyrkje, - eit nytt menneske i Kristus. Lat oss sleppa alle kreative krefter laus! Lat oss vera fargerike og mangfaldige, - til velsigning for alle menneske der vi bur!
Det er tid for kristne leiarar å ta dette på alvor og leggja til rettes for fellesskap og samhandling på tvers av kyrkjesamfunnsmessige skiljelinjer.

Comments