Ei tid med vokster – ei tid med mangfald
Bønn for byen vår

Bønnetenesta

Frå Guds ord forstår vi at bønn har førsteprioritet framfor alle andre ting (1.Tim.2,1). Apostelen seier at det viktigaste av alt, det vi må gjera før vi gjer nokon andre ting, er å koma fram for Gud i bønn og takk for alle menneske. Den viktigaste og største av alle tenester er å stiga inn i Guds nærvær, vera for hans åsyn og bruka tid med Gud. Når vi brukar tid med Gud, kan vi bera fram for han bønner, forbønner, påkalling og takk for alle menneske.

Å be er like naturleg som å pusta, så lett, men likevel så vanskeleg. Mange kristne får ikkje bønnelivet sitt til å fungera, men det går det an å gjera noko med! Bønn er samfunn og fellesskap med Gud. Det er lett å be og det er forferdeleg vanskeleg å be! For når menneske ber møtes det naturlege og det overnaturlege. Det handlar om å stiga fram for Gud i tru, å vita at han er den han er, og venta at han lønner dei som med iver søkjer han. Bønn er å vera for Guds åsyn. Bønn er å venta på Gud. Bønn er å søkja Gud og hans vilje før alle andre ting. Når Gud kjem på førsteplassen i livet vårt, då tek ting til å henda som svar på bønn. Bibelen seier: Rettferdig manns bønn har stor kraft og verknad (Jak.5,16).
Bønn har utretta ting som har vore sett som umulege og uoppnåelege. Bønn har overvunne alle naturkrefter og naturlege element. Eld, luft, jord og vatn har måtta bøya og føya seg som svar på bønn. Bønn opna Rødehavet. Bønn fekk vatn til å strøyma frå berget i øydemarka. Bønn fekk brød til å falla ned frå himmelen. Bønn fekk eld frå himmelen til å falla på altaret som Elija reiste på Karmel. Bønn fekk Assyrarhæren til å røma. Bønn har gjort sjuke frike. Bønn har gjeve blinde syn og døve hørsel. Både små og store under kan førast tilbake til bønn. Bønn har ført til vekking og frelse for tallause mengder menneske. Heile folkeslag er vunne for trua på Jesus som svar på bønn. Heile byar og bygder har vorte forandra på grunn av bønn.
Den Heilage Ande minnar fleire og fleire av dei truande om å ta bønneansvar for nabolag, skuleklassar og arbeidsplassar. Det er eit arbeid på gang i mange byar og bygder for å sørgja for at kvart menneske får personleg forbønn kvar einaste dag gjennom såkalla bønnefyrtårn. Å vera eit bønnefyrtårn, er å gjera heimen sin til eit bønnehus, kor ein forpliktar seg til å be for visse menneske dagleg. Det kan vera å ta eit bønneansvar for om lag 25 hus eller familiar gata vår. Det kan vera å be dagleg for alle elevane i klassen min, eller alle kollegane på arbeidsplassen min.
Det gode med bønnefyrtårn opplegget er at det kan praktiserast utan å skapa nye aktivitetar for travle kristne. Alt som skal til er å ta fem minutt kvar morgon og kveld for å be for og velsigna menneske rundt seg. Å ta eit slikt bønneansvar vil hjelpa kvar einaste kristen i sitt eige bønneliv. Det vil også hjelpa oss å tenkja på koss vi reint praktisk kan vera til hjelp og velsigning for menneske som endå ikkje kjenner Gud.
Det seier seg sjølv, at når kristne frå alle kyrkjesamfunn står saman i bønn for alle menneske som bur i ein by eller ei bygd, vil dette endra den åndelege stoda på desse plassane.
Personleg kristenliv utan bønn er utenkjeleg. At kristen trua skal verta noko meir enn ei privat tru, er utenkjeleg utan felles bønn om frelse for menneska i vår by og vårt land. Dei mange bønnetiltaka vi opplever i vår tid, gjev oss lov til å tru på eit nytt åndeleg gjennombrot i landet vårt. Når Guds folk vender seg til han i bønn, har han lova å koma med sitt nærvær og å lækja heile landet! Det er von for framtida når kristne menneske ber!

Comments