Minnedikt til mor
Intervju med Gud

Andens vind bles

På ny bles Gud nytt liv inn mellom oss i ei grunnleggjande fase med utviding slik han har gjort mange gongar før. Gjennom undervisninga om grunnvollen for kristenlivet, om det å kjenna Kristus, har openberring og ny forståing kome til mange av oss. No kjem Den Heilage Ande for å føra oss vidare så det som vert bygd på grunnvollen kan verta ståande.
Jesus sa at det berre er ved ein ny fødsel ved Den Heilage Ande at vi kjem inn i Guds rike. Den som er født av Anden vil vera leia og ført av Anden som bles som ein vind i verda. Vinden er svært følbar og har synlege verknader, men vi veit lite av kor han kjem frå eller fer av. Dei ulike årstidene er også kjenneteikna av ulike slags vindar. Når vi har ei åndeleg forståing av tida vi lever i, vil vi lettare kunna forstå korleis Andens vind bles og kva han gjer i denne tida.
I 1.Kong.19,9-18 fortel Bibelen oss om den brennhuga profeten som var harm på Herrens vegne over synda og gudløysa i samfunnet han levde i. Då kalla Herren han til å koma og stå for hans åsyn, i hans nærvær, for det var noko han ville visa han. Medan han stod på fjellet for Herrens åsyn, kom det ein sterk storm som knuste knausar, men Herren var ikkje i stormen. Etter på kom det eit stort jordskjelv, men Herren var ikkje i jordskjelvet. Så kom det ein sterk fortærande eld, men Herren var ikkje i elden heller.
Profeten var harm og oppøst i si ånd, men det var ikkje på den måten Herren ville koma til folket. Det var mange ting i samfunnet å verta harm over, men Herren ville i sin nåde koma på ein annan måte for å gjera sitt verk. Han kom som ein mild og linn vind som kjærleg strauk over profeten og stilna harmen hans. Herren kom ikkje i bulder og brak, men i ein stille sus av Andens vind.
Vi treng å læra at Herren gjer kva han vil, når han vil på sin måte! I desse dagar bles Anden forfriskande krusedullvind som skapar glede og modnar hausten. I desse dagar bles Anden med sin milde og linne sus av sitt nærvær mellom oss. Det er ei tid med nåde, tilgjeving, frigjering, gjenreising og lækjedom på mange område.
Anden vil gjera oss milde og vennlege så vi kan tala ord med lækjedom og lindring i. Når vi gleder oss i Den Heilage Ande og gjer det han vil, vil vi frigjera liv og glede i andre som vil opna seg opp og dela av det gode Gud gjer i deira liv.

Comments