Tidsskifte – tideverv
Historia om Joseph Schultz

Andens tid

Når vi oppsummerar Bibelen si skildring den tida vi lever i, må vi kalla denne tida for Andens tid. Vi lever i ei tid kor den tredje person i guddommen på ein serskilt måte er nærverande og verksam i det kristne fellesskapet og i samfunnet. Jesus sa at dette var til gagn for oss, for det var slik Den treeinige Gud hadde sett seg føre å fullføra sine planar med sitt folk.
Det er berre når vi slepper Anden til mellom oss at vi kan vera den kyrkjelyd Gud ønskjer seg. Det er berre når han får koma til i våre eigne liv at vi kan verta alt det Gud har etla oss til. Det er berre når vi let Anden få leia oss og bruka oss i kvardagen at vi kan vera med å fremja Guds rike der vi bur og arbeider.
Alle åndelege kristne vil merka at det i desse dagane er eit sterkt åndeleg trykk i den usynlege verda. Fienden har trappa opp sine frekke åtak, men han er dømt til å mislukkast. Viktigare er det at Guds Ande i desse dagane pressar på med sitt nærvær for å gjera sitt verk og fullføra Guds plan i oss og gjennom oss. Difor er det så viktig å leva i åndeleg fornying og forfrisking, så vi ikkje vert proppar som hindrar Anden i å gjera alt han vil.
Vi må vera villige å frigjera oss frå tilvante måtar å gjera ting på. Vi må vera villige til å setja til sides gamle former, så nytt liv får strøyma fram. Vi må vera villige til å vera snare til å lyda Anden som tilskundar oss til handling. Vi må vera villige til å våga å dumma oss ut om nødvendig, for at Anden skal få sin veg og vilje.
Andens tid er ikkje vår tid til å gjera våre eigne ting på. Læresveinane hadde mange gode forslag til kva Jesus skulle gjera, men han svara at hans tid endå ikkje var komen. Vi må slutta å prøva å få Anden inn i våre tidsskjema og menneskelege opplegg. Vi må heller seia nei til vår bruk av tid, for å bruka tid med Anden. Vi må læra å venta i hans nærvær. Vi må lytta etter hans røyst med forventing og vera kvikke til å lyda. Andens tid for oss er når Anden får føra og leia oss slik han vil og gjera sine gjerningar mellom oss til Guds ære.
Over heile verda lærer kristne menneske å lyda Anden meir enn menneskelege tradisjonar og former. Det er ei veksande sannkjenning mellom kristne i dag at vi er fullstendig avhengig av Andens gjerningar mellom oss for å kunna gjera Jesus Kristus kjend og elska av stadig fleire menneske. Der vi på grunn av den postmoderne samfunnsutviklinga står overfor store kommunikasjonsvanskar, kjem Anden oss til hjelp i ei forkynning av Ordet om krossen med provføring av Anden og kraft som ingen kan stå imot.
Der Anden får sleppa til, kjem Guds ord i høgsetet. Anden som inspirerte profetane til å skriva gjer Ordet til lys på vår veg ved å forklara det for oss. Ordet og Anden høyrer saman. Anden gjer Ordet levande i våre hjarte og let det verta den styrande krafta i alt vi gjer. Anden viser oss kva Gud har lova og kva han i sin nåde har gjeve oss i sin kjære Son. Anden utløysar ein overstrøymande rikdom av nåde mellom Guds folk.
Guds lovnader for dei siste dagane er at han skal renna ut sin Ande over alle menneske slik at unge og eldre, guttar og jenter, kvinner og menn kan høyra hans røyst og tala ord frå Gud. Alt Gud har lova skal oppfyllast. Dette er dagar kor Gud innfrir lovnadene sine, dette er dagar med oppfylling av det Gud har tala. Difor er det tid til å søkja å verta fylt på ny av Anden. For vi kan berre sjå Guds lovnader oppfylt ved Andens kraft. Det er berre det folket som let seg leia av Anden som vil sjå Guds plan fullført. Vi lever i Andens tid, det er ei tid med kraft og utrusting til teneste for å fullføra oppdraget vårt.
Erling Thu

Comments