Gud reiser opp ein ny profetisk
generasjon, - eit profetisk folk – som har lært å høyra Guds røyst og tala
profetord til menneske, forsamlingar, fellesskap, samfunn og nasjonar. Gud
reiser opp eit folk som lever i hans nærvær, forfriska av Ordet og Anden, og
som kan verta brukt av Gud til å tena Guds plan i si levetid. Dei lever med Gud
i kvardagen og vender hjarte, hug og tankar heile tida til ”Den Levande EG ER,
Den Allmektige, så dei kan tala inn i livet til menneske dei møter i jobb, på
universitet, på torget, på gata, i nabolaget, over alt kor dei ferdast. Av di
dei har lært å leva i Guds nærvær kan dei formidla Guds kraft, nåde, fred,
glede, kjærleik og lækjedom til menneske dei møter i kvardagen.
Continue reading "Om å tala profetord" »
Dei fyrste fem kapittel fungerer som ei innleiing kor den dåverande katastrofale stoda vert sett opp mot den herlege framtida til Guds folk.
Det som er kjernepunktet i Jesajaboka er konflikten mellom Gud som dommar og frelsar, mellom rettferd og miskunn og truskap. Fordi Israel ikkje levde i samsvar med pakta dei hadde gjort med Gud var straffa for paktsbrot ikkje til å unngå. Jesaja forkynner at dommen kjem som ein reinsande eld som fører frelse med seg. 1,21-28; 4,2-6
Continue reading "Tankar frå Jesajaboka" »
Profetane var Guds bodberarar til paktsfolket og til nasjonane. Dei var kalla til å gjera Guds vilje kjend, ved å undervisa folk i Guds ord og lov, ved å bera fram domsord over folk og nasjonar som hadde gjort opprør mot Gud, ved å tala tilrettes både folk og leiarar for synd og ugjerning dei hadde gjort, og ved å gjera det som til kvar tid trongst for å fremja Guds vilje mellom folket. Profetane var med andre ord kalla til å læra, undervisa, rettleia og irettesetja folk, leiarar og nasjonar, så vel som å forkynna komande hendingar.
Continue reading "Guds bodberarar" »
I forteljinga om koss Saul vart gjort til konge finn vi hendinga med leitinga etter det bortkomne eselet. Då Saul og tenesteguten hans var i nærleiken av Rama, der Samuel budde, og Saul ville gje opp leitinga og fara heim att, sa den unge hjelparen hans: ”I denne byen er det ein Guds mann som det går store ord om. Alt han seier slår til. Lat oss no gå dit! Kan henda han kan seia kvar vi skal ta vegen?” (1 Samuel 9,7)Eg liker denne enkle trua og innstillinga denne unge mannen har til den eldre profeten og dommaren i Israel. Det han seier kan gje oss viktig innsikt i Samuel si teneste og stilling i folket. Her er nokre av dei tinga eg les ut av dette verset:
Continue reading "Ein Guds mann det går store ord om" »
Naturleg nok likte ikkje Samuel det dei eldste sa. Det kunne kjennast som om dei forkasta han og leiinga hans saman med avvisinga av sønene hans. Men profeten let ikkje dei såra kjenslene sine styra seg i det svaret han gav dei. Som ein sann profet og sjåar gjekk han med ein gong til Gud med saka i bønn. Han forstod at her var det noko meir enn han sjølv det galdt. Folket forkasta Guds direkte styre over seg då dei bad om ein konge.
Continue reading "Kva gjer profeten når folket vrakar Guds styre?" »
Recent Comments