Artiklar, reportasjar og kommentarar om aktuelle emne i lys av profetisk innsikt frå Guds ord og personlege opplevingar i livet og tenesta for Guds rike.
Så lenge eg kan minnast har eg drøymd om noko meir, noko anna enn
den kvardagen eg levde i. Då eg var liten drøymde eg om å verta doktor. Det var
på den tida eg var sjukleg. Frå treårsalderen til tenåra var eg inn og ut av
sjukehuset heile tida. Doktorane var då dei store heltane mine. Dei lindra
smerte og gjorde folk friske. Dei gjorde livet betre for folk. Dei gjekk ikring
på sjukehuset i kvite frakkar og såg veldig viktige ut. Dei hadde det travelt for
mange ville snakka med dei og ha dei til å sjå på sjukdomen sin. Å vera doktor
måtte vera noko av det største eit menneske kunne verta, tenkte eg og drøymde
om ein dag å kunna hjelpa folk å verta friske.
Tekstane i denne boka har eg
arbeidt på i mange år. Eg har skrive om draumar frå Guds hjarte for meg sjølv i
lengre tid enn eg har skrive på noka bok eg har gjeve ut. For meg er dette meir
enn ei bok. Eg prøver å setja ord på noko som er større enn det som kan
uttrykkjast i ord og bokstavar. Draumane er meir enn lengt. Dette er noko eg
lever for.
Boka er ei gåve til dei som
får oppleva morgondagen. Ho er skriven for dei som vil vera med å skapa eit
betre tilvære for menneskeslekta. Eg skriv for ein ny generasjon av drøymande menneske, ein ny visjonær generasjon som
våger å leva ut det dei trur på, ber om og lengtar etter.
For nokre dagar sidan fekk eg boka "Mening med livet?" frå trykkeriet. Denne n ye boka er ei nyskriving med mange tillegg av ei evangeliseringsbok med same tittel som vart utgjeven på Logos Forlag i si tid. Den førre utgåva er seld i omlag 300000 eksemplar på norsk, dansk, svensk, tysk og kinesisk. Eg trur at denne nye boka vil verta til hjelp for mange menneske til å koma til tru og verta kjende med Jesus Kristus.
Eg har ikkje fått gjort boka tilgjengeleg i Erling Thu Books endå, men det kjem snart. I mellomtida kan boka tingast ved å senda ein e-post til meg. Boka har berre ein feil som eg er klar over og det er at ho er på bokmål!
På sommarkonferansane til Kristent Nettverk i Harstad og i Stokke dei neste vekene vil den nye boka mi verta lagd ut til sals! Boka har fått ein lang og snirklete tittel: "Kristusmeditasjonar og Kristusidentitet".
Eg fekk nokre bøker frå trykkeriet for litt over ei veke sidan, men ho vert først lansert på sommarkonferansane våre! Det er ei underleg kjensle å opna ei nytrykt bok som kjem rett frå trykkeriet. Det er som å halda eit nyfødt barn i armane for første gong!
Recent Comments