Det er tid til å vera tydeleg på kva som er rett og godt og kva som er galt og vondt. Det er tid til å vera sanninga tru i kjærleik. Det er tid til å visa at ikkje alt som kallast kristent faktisk er det.
Me må vera tydeleg på at størst av alt er kjærleiken. Me må vera tydlege på at Gud elskar alle menneske og ingen har rett til å drepa andre menneske skapte i Guds bilete. Me må vera tydelege på menneskeverdet til kvart einaste menneske, same kva alder, kjønn, hudfarge eller meiningar det har. Eg vil helst tru at massemordaren er sinnsjuk, at han er utilrekneleg, men eg kan ikkje ta menneskeverdet frå han ved å ynskja han død slik nokon gjorde under fengslingsmøtet. Å ynskja andre døde er ikkje kristent, og heldigvis heller ikkje norsk måte å reagera på.
Me må vera tydelege på at Guds kongstol kviler på ein grunnvoll av rett og rettferd, av miskunn og truskap. Difor må me vera miskunnsame i alt me seier og gjer. Difor må me vera trufaste og visa solidaritet og lojalitet mot våre medmenneske. Rett og rettferd krev at alle har like rettar og at alle må leva etter dei same rettferdige lovene slik at ingen kan ta seg til rette og ta hemn eller ”ordna opp” sjølv. Me har domstolar til å løysa tvistar og til å utmåla straff for urett folk måtte gjera.
Me må vera tydelege på vårt sosiale og medmenneskelege ansvar. Som kristne menneske har ansvar for å vera ein god neste, ein miskunnsam Samaritan, ein som bryr seg om andre. Me kan ikkje gøyma oss i kyrkjer eller bedehus. Me må ta del i livet. Me må ta del i samtalane og debattane i samfunnet. Me må gjera meiningane våre kjend alle stader. Me må forkynna, forsvara og forklara evangeliet om Guds rike på fjesboka og i alle slags nettfora. Me må fylla internett og alle andre media med eit Guds rike nærvær gjennomsyra av Guds kjærleik.


Comments