Me veit at Bibelen kom frå Gud på grunn av ein enkel grunn: Jesus sa det! Det er på grunnlag av det han har sagt, han som er Herre over heile universet, at me er trygge på at Bibelen er Guds ord. Jesus stadfesta autoriteten og truverdet til Det gamle testamente gjennom si undervisning, og han lova at han ville gje Det nye testamente gjennom apostlane sine for å fullføra den openberringa av sanninga frå Gud. På grunn av det Jesus Kristus har sagt trur me at Bibelen er Guds ord.
Jesus stadfesta autoriteten og truverdet til Det gamle testamente
Jesus sa at heile Det gamle testamentet (Matteus 22,29), med si inndeling i lova og profetane (Lukas 16,16), dei enkelte bøkene (Matteus 22,43; 24,15), hendingane som er fortalt (Matteus 19,4-5; Lukas 17,27), til og med den minst bokstav og prikk, var truverdig som Guds ord. Han kalla skriftene i Det gamle testamente for Guds ord (Johannes 10,35). Han sa at skriftene hadde vorte skrivne av menneske som var drivne av Den Heilage Ande då han sa, ”For David sjølv seier i Den heilage ande” (Markus 12,36) og når han viser til hendingar ”som profeten Daniel har tala om” (Matteus 24,15). Meg slike utsegn stadfestar han forfattarskapen til dei fleste mest omdiskuterte bøkene, som Mosebøkene (Markus 7,10), Jesaja (Markus 7,6), Daniel og salmane. Han viser også til dei mirakel kritikarane avviser som historiske hendingar. Han omtalar Guds skapargjerning (Lukas 11,51), Adam og Eva (Matteus 19,4-5), Noa og flaumen (Matteus 24,37-39), Sodoma og Gomora (Lukas 10,12) og Jonas og den store fisken (Matteus 12,39-41). Han sa, ”Før skal himmel og jord forgå, før ein einaste prikk i lova fell bort” (Lukas 16,17). Det faktum at han ofte viste til Skrifta som den endelege autoriteten, kom tydeleg til syne då han vart freista av Satan i øydemarka, då han tre gongar møtte freistingane med ”Det står skrive!” (Matteus 4,4-10).
Me kan samla det Jesus lærte om Det gamle testamente i denne enkle oversikten:
Autoritet – avgjer kva me skal tru, Matteus 22,41-40.
Påliteleg – profetiar vert oppfylt, Matteus 26,54.
Det som avgjer kva diskusjon, Matteus 4,4,7,10.
Tilstrekkeleg for å tru, Lukas 16,31.
Vil aldri forgå, men verta oppfylt, Matteus 5,17-18.
Alle skriftene i GT peikar fram mot Jesus og alt dei har sagt om han vert oppfylt og skal forkynnast for alle folkeslag, Lukas 24,25-27, 44-49.
Historisk sann, Matteus 12,40-42; 19,2-5.
Feilfri, Matteus 22,29; Johannes 3,12; 17,17.
Ufeilbarleg, Johannes 10,35
Jesus lova oss Det nye testamente
Jesus sa til disiplane før han vart krossfest, ”Dette har eg sagt dykk medan eg enno er hos dykk. 26 Men Talsmannen, Den heilage ande, som Far skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk på alt det eg har sagt dykk” (Johannes 14,25-26). Han la også til dette, ”Men når han kjem, Sanningsanden, skal han leia dykk fram til heile sanninga. For han skal ikkje tala av sitt eige, men tala det han høyrer, og fortelja dykk det som skal koma” (Johannes 16,13). Her seier Jesus at læra og undervisninga hans vil verta minnast og forstått, og at fleire sanningar vil verta gjevne til apostlane slik at alle komande disiplane i komande tider kan vera grunnfesta i sanninga ved hjelp av Den Heilage Ande.
Frå pinsedagen (Apostelgjerningane 2,1flg) starta den apostoliske tida kor dei med si undervisning la grunnvollen for kristen tru og praksis. Apostlane formidla den heile og fulle openberring av Jesus Kristus. Dei hadde fått nøklane til Guds rike (Matteus 16,19), og ved deira hender fekk dei nye kristne Den Heilage Ande (Apostelgjerningane 8,14-15; 19,1-6). Den kristne forsamlinga byggjer si tru og praksis på ”apostel og profetgrunnvollen” (Efesarbrevet 2,20). Dei første kristne følgde læra frå apostlane (Apostelgjerningane 2,42) og var bundne av det apostlane vedtok når dei var samla (Apostelgjerningane 15). Paulus som fekk si apostelteneste gjennom direkte openberring frå Gud, vart stadfesta som apostel av apostlane i Jerusalem (Galatarbrevet 1,15-16, 2,8-9), fullførte gjennom breva sine tenesta med Guds ord (Kolossarane 1,25-26).
Nokre av forfattarane til Nytestamentlege skrifter var mellom dei apostlane. Korleis kan me forklara deira autoritet? Dei formidla den apostoliske bodskapen som hadde vorte ”stadfest for oss av dei som hadde høyrt han” (Hebrearane 2,3). Markus arbeidde saman med Peter (1 Peter 5,13). Jakob og Judas, som sannsynlegvis var Jesu brør, var mellom apostlane i Jerusalem. Lukas var ein nær medarbeidar av Paulus ( 2 Timoteus 4,11) som intervjua mange augnevitne for å skriva kva som hadde hendt (Lukas 1,1-4). Peter sidestiller Paulus sine skrifter med Det gamle testamente (2 Peter 3,15-16). For alle skriftene i Det nye testamente (med unntak av Hebrearbrevet der me ikkje veit heilt sikkert kven forfattaren er, jamvel om det tradisjonell vert tilskrive Paulus), er det klart samband mellom forfattarane og apostlane som gav dei informasjon (Hebrearane 2,3).
Når Jesus, som var Gud kome som eit menneske og alltid tala sant, sa at Det gamle testamente var Guds ord og at han ville openberra heile sanninga til apostlane som skulle gje det vidare så folk kunne koma til tru, då er det bevist at heile Bibelen, både Det gamle og Det nye testamente er frå Gud. Det har me frå Jesus Kristus sjølv, vår beste og høgaste autoritet.
Korleis vart Bibelen skriven?
Bibelen vart skriven i ein prosess me kallar inspirasjon. Apostelen Paulus seier det slik: ”Kvar bok i Skrifta er innanda (inspirert) av Gud og til nytte i opplæring, formaning, rettleiing og oppseding i rettferd”, (2 Timoteus 3,16). Dette inneber at Gud er kjelda for alt som står i Bibelen. Frå Moses i GT til Johannes i NT så er ein profet eit menneske som formidlar ein bodskap frå Gud til andre. Det ordet profetane ber fram får dei gjennom ei openberring frå Gud. Denne openberringa kan vera ei høyrbar røyst (2 Mosebok 3,2), ei serie av syner (Esekiel 1,1; 8,3; Openberringa 4,1), ei indre røyst i profeten sitt hjarte når han ber eller har fellesskap med Gud og Herren ord kjem til han (Sakarja 1,1), eller frå tidlegare profetiar (Daniel 9,1-2).
Apostelen Peter forklarar korleis Bibelen vart skriven på denne måten: ”For aldri er noko profetord (i Skrifta) framkome ved menneskevilje; men drivne av Den Heilage Ande tala (skreiv) menneske ord frå Gud” (2 Peter 1,21). Bibelen er ikkje eit produkt av menneskeviljen, men av Gud som dreiv og leia profetane til å skriva det han ville. Difor er skriftene i Bibelen Guds ord og bodskap til oss i dag.
Kva denne inspirasjonen fullt ut innebar og korleis den vart opplevd av profetane er vanskeleg å forklara. Men me veit at profetane var talsmenn for Gud. Me veit også at dei ikkje berre var sekretærar som berre skreiv ned guddommeleg diktat for me ser at mange menneskelege element som stil, personlege opplevingar og ulike språk er brukt. Inspirasjonen, at Bibelen er innanda av Gud, inneber at dei menneskelege og guddommelege faktorane vert sameina. I denne skrive prosessen får forfattaren ei openberring og tek aktiv del i å skriva denne ned, medan Gud heile tida gjev openberring og vakar over skrivinga. Slik vert bodskapen heilt og fullt frå Gud, medan dei menneskelege elementa frå forfattaren får rom for å gjera det meir tilgjengeleg for oss. Både det guddommelege og menneskelege kjem saman i dei same orda (1 Korintarbrev 2,13).
Korleis vart Bibelen sett saman?
Korleis veit me at dei sekstiseks bøkene i Bibelen er dei einaste skriftene som skulle vera inkludert i Skrifta? Kva med dei Apokryfiske skriftene eller dei Gnostiske evangelia? Kvifor er ikkje dei tekne med? Svaret ligg i det me kallar Bibelens kanon. Kanon kjem frå hebraiske og greske ord som tyder målestokk og står for ein standard som alle skriftene måtte møta.
Det har vore mange ulike oppfatningar om kva denne standarden skulle vera, slik som alder, samsvar med Lova om dei er skrivne på hebraisk, religiøs verdi og kristen bruk. Men kvar av desse gjer same feil. Dei blandar saman kva Gud seier er Den heilage Skrifta med menneskeleg godkjenning av desse skriftene. Når alt kjem til alt er det slik at det Gud har innanda er Guds ord og det han ikkje har inspirert er det ikkje. Når Den Heilage Ande dreiv ein Guds mann til å skriva, så vart det skrivne, ikkje berre inspirert, men Guds skrivne ord. Gud har alt avgjort kva som skal takast med i Skrifta, vår utfordring er å vita korleis me kan oppdaga kva for skrifter Gud har inspirert.
For å kunna skilja ut dei heilage skriftene frå dei menneskelege skriftene og avgjera kva for skrifter som er kanoniske har kristne stilt fem spørsmål, der den første er den mest grunnleggjande:
1. Er det skrive av ein Guds profet eller Jesu Kristi apostel? 5 Mosebok 18,18 fortel oss at berre ein Guds profet vil tala Guds ord. Det er den måten Gud openberrar seg på (Hebrearane 1,1). 2 Peter 1,20-21 seier også at Skrifta er berre skriven av Guds menn.
2. Vart han stadfesta av Gud? Hebrearane 2,3-4 gjev oss den forståinga at me kan venta at dei som talar for Gud vert stadfesta ved teikn og under. Moses hadde staven sin som Gud gjorde under gjennom. Jesus gjorde tallause under og teikn, men det avgjerande underet er at han stod opp frå dei døde. Apostlane heldt fram med å gjera dei same teikn og under som Jesus gjorde. Alt dette stadfesta at bodskapen deira var frå Gud. Profetane gjorde teikn og under eller fekk profetiar oppfylt rett etter at dei var borne fram for å visa at dei var frå Gud.
3. Talar skriftet sant om Gud? ”Men om vi sjølve, ja, om ein engel frå himmelen skulle forkynna dykk eit anna evangelium enn det vi har forkynt, så skal han vera forbanna!” (Galatarane 1,8). Samsvar med tidlegare openberring er vesentleg. Dette gjer at me kan avskriva falske profetiar som vert framført i Guds namn (5 Mosebok 18,22).
4. Har det Guds kraft i seg? Eit skrift om ikkje formidlar Guds forvandlande kraft til dei som les det så dei vender om og lever i samsvar med Guds vilje, er ikkje frå Gud (Jeremia 23,18,23). Hebr 4,12 For Guds ord er levande og verksamt. Det er skarpare enn noko tvieggja sverd og trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømmer dei tankar og planar som bur i hjartet (Hebrearane 4,12).
5. Vart det motteke og godteke av Guds folk? Paulus takkar tessalonikarane for at dei tok imot apostlane sin bodskap som Guds ord (1 Tessalonikarbrev 2,13). Det normale er at Guds folk, det er det store fleirtalet og ikkje berre ein liten del, tek imot Guds ord gjennom Guds menn som Guds ord. Den som er født av Gud høyrer hans røyst og tek imor hans ord (Johannes 8,47; 10,27; 1 Johannes 4,6). Mosebøkene vart med ein gong lagd i paktkista (5 Mosebok 31,24-26) og det same vart skriftene til Josva og Samuel (Josva 24,26; 1 Samuel 10,25). Profeten Jeremia siterer mange av dei profetane som hadde levd berre nokre år før han, og det viser at skriftene deira vart tekne imot som Guds ord med ein gong. Daniel studerte Jeremiaboka om lag femti år etter ho var skriven (Daniel 9,2). Det nye testamentet viser den same mottaking ved at Peter sidestiller skriftene til Paulus med Skrifta (2 Peter 3,16) og Paulus siterer Lukas saman med eit avsnitt frå Lova (1 Timoteus 5,18). Me veit også at breva til Paulus sirkulerte mellom forsamlingane (Kolossarane 4,16; 1 Tessalonikarbrev 5,27). Detter var kanskje starten på samlinga av bøkene for Det nye testamentet sin kanon. Jamvel om nokre bøker vart omdiskutert seinare, så talar deira opphavlege godtaking sterkt for at dei høyrer med.
Bøker det seinare vart stilt spørsmål ved:
Hebrearbrevet. Fordi ein ikkje heilt sikkert veit kven forfattaren er. Brevet er godteke fordi det har apostolisk autoritet, jamvel om ein ikkje veit sikkert at det har apostolisk forfattarskap.
Jakobsbrev. Fordi det kunne vera i konflikt med Paulus si lære om frelse ved tru åleine. Denne konflikten vart løyst ved å sjå på gjerningar som ei frukt av ekte tru.
2 Petersbrev. Fordi
stilen er ulik det første brevet hans. Men det første brevet hans vart skrive
ved hjelp av Silvanus (1 Peter 5,12) som truleg har hjelpt han med gresken
hans.
2 og 3 Johannesbrev. Fordi forfattaren kallar seg eldste og ikkje apostel. Då må me hugsa at Peter også kallar seg ein eldste (1 Peter 5,1). Desse breva er sitert i dei første kanonlistene.
Judasbrev. Fordi han viser til Enoks bok og Himmelfarten til Moses. Han kallar dei ikkje Skrifta, men siterer dei slik Pauls siterer heidenske diktarar (Apostelgjerningane 17,28; Titus 1,12). Brevet var ålment godteke i den første tida.
Johannes Openberring. Fordi det seier Jesus skal regjera i tusen år, noko som ei viss sekt lærte. Men Openberringsboka vart godteke av dei første kyrkjefedrene.
Kva med dei apokryfiske bøkene?
Dei apokryfiske bøkene er ei samling av bøker som vart skrivne frå ca år 300 før Kristus til ca 100 etter Kristus. Dei er funne i fleire gamle kopiar av viktige greske omsetjingar av Det gamle testamente og viser til den jødiske tradisjonen og historie som kom etter levetida til Malaki, som er den siste gammaltestamentlege profeten. Augustin godtok dei fleste av desse bøkene som ein del av Skrifta. Det same gjorde Den Syriske Kyrkja og mykje seinare kanonisert av Den Katolske Kyrkja. Det finst henvisningar til dei apokryfiske bøkene i Det nye testamente og hjå dei første kyrkjefedrane og dei er funne i Dødehavsrullane frå Qumran.
Dei apokryfiske bøkene var aldri godtekne av jødane som Skrifta og er ikkje inkludert i den hebraiske Bibelen. Jamvel om NT kan hentyda til dei (slik som Hebrearane 11,35), vert dei aldri kalla Guds ord (Paulus siterte som kjent heidenske diktarar og, men aldri som Skrifta). Til og med Augustin meinte at bøkene var av underordna status i forhold til dei andre skriftene i GT. Ein av grunnane til at han likevel godtok bøkene som ein del av Skrifta var at dei var med i Septuaginta, ei gresk omsetjing av GT. Jerome, som har ekspert i hebraisk og som stod bak den offisielle Latinske Vulgata utgåva av GT, tok ikkje med dei apokryfiske bøkene.
Dei kyrkjesamfunna som har godteke dei apokryfiske bøkene har gjort det lenge etter at dei vart skrivne (fjorten, seksten og sytten hundretalet). Ingen av desse bøkene var offisielt ein del av Bibelen før i år 1546 ved det katolske kyrkjemøtet i Trent. Dei vart godkjende på grunn av at dei vart brukte av mange kristne. Dette kan ikkje vera god nok grunn til å inkludera skrifter i Bibelen. Difor er dei heller ikkje godtekne av noka protestantiske kyrkjesamfunn. I dødehavsrullane frå Qumram har ein funne fleire hundre bøker som ikkje er kanoniske og det tyder på at dei apokryfiske bøkene også berre var populær litteratur. Ingen av dei apokryfiske bøkene gjer krav på å vera inspirerte, men Første Makkabearbok 9,27 seier at ho vart skriven på ei tid då det ikkje lenger var nokon profet blant folket.
Kva med dei gnostiske evangelia?
Dei gnostiske evangelia og tilhøyrande skrifter er ein del av dei såkalla Nytestamentlege pseudopigrafa, som tyder falske skrifter. Dei fekk dette namnet fordi forfattaren gav seg ut for å vera ein apostel og ikkje skreiv i sitt eige namn. Me har til dømes Peter, Tomas og Judas evangelia. Desse vart ikkje skrivne av desse apostlane, men av folk som levde på andre hundretalet eller seinare. Dei skreiv i apostlane sitt namn for å gje truverde og autoritet til sine eigne meiningar. Slikt kallar me for falskneri. Desse skriftene har aldri hatt ålmenn godkjenning, men har berre vore brukte i små fraksjonar på utsida av den kristne kyrkja.
Kor pålitelege er våre moderne Biblar?
Korleis kan me vita at tekstane ikkje har vorte endra og skrivne om opp gjennom historia? Det finst sterke prov på at dei bibeltekstane som vår moderne Biblar kviler på, er så godt som identiske med dei originale tekstane. Me kan sjå det i kor nøyaktige dei kopiane me har er. Dette viser klart og tydeleg at Bibelen er eit verdifullt historisk dokument ved sida av å vera ei openberring frå Gud. Me skal sjå på begge testamenta i Bibelen for dei har kvar sin tradisjon å visa tilbake til.
Dei gammaltestamentlege manuskripta
Dei gammaltestamentlege skriftene vart samla og tekne var på av jødane. Dei var skrivne på dyreskinn og levetida var ikkje lang. Difor utvikla jødane ein tradisjon for nøye kopiering av skriftene for å gje innhaldet vidare til nye generasjonar. Dei hadde stor respekt for Guds ord og utvikla seremoniar for brenning av utslitne eller manuskript med feil. Den eldste kopien me har er berre om lag 1000 år gammal. Det er dårleg nytt.
Godt nytt er det at me har prov på at dei kopiane me har er veldig nøyaktige. For det første er det slik at alle kopiane, same kor gamle dei er, kor dei kjem frå, eller kven som laga dei, for det meste samstemmer på ein forbløffande måte. Tekster som kjem frå Palestina, Syria, og Egypt viser at dei har ein sterk original tradisjon som går langt tilbake i tid. For det andre samsvarar dei med ei anna gammal kjelde for Det gamle testamente, Septuatinta, ei gresk omsetjing som går tilbake til det andre eller tredje hundreåret. For det tredje har me Dødehavsrullane som gjev oss grunnlag for ei samanlikning med skrifter som er 1000 år eldre enn våre manuskript. Samanlikninga viser på ny eit forbløffande samsvar og truverde mellom desse tekstane. To kopiar av profeten Jesaja som vart funne i Qumram viste seg å vera identisk med vår standard hebraiske GT i meir enn 95 prosent av teksten. Dei 5 prosentane med variasjon var hovudsakleg tydelege skrivefeil eller variasjon i stavemåte. Grunnen til denne store likskapen ligg i den respekten dei jødiske skriftlærde hadde for GT som Guds ord. Difor gjorde dei seg stor flid for å skriva rett av, ikkje berre ord, men også kor mange spalter og linjer det skulle vera på ei side. Om det vart funne ein feil i eit manuskript vart det øydelagd. Dette garanterer at det ikkje er gjort noka alvorleg endring av teksten i GT i dei siste 2000 år, og truleg få eller små endringar før dette.
Dei nytestamentlege manuskripta
For Det nye testamente er bevisa overveldande. Det finst nærare 5400 manuskript som me kan samanlikna og trekkja informasjon ut av. Nokre av desse manuskripta er frå det andre eller tredje hundreåret. Tilsamanlikning finst det berre 643 kopiar av Homers Iliade, og det er den meste kjende boka frå det gamle Hellas. Ingen tvilar på teksten til Julius Cæsars ”Den galliske krigen”, men det finst berre 10 kopiar av denne boka og det eldste av desse vart laga 1000 år etter at boka var skriven. Å ha så mange kopiar av Nytestamentlege skrifter, der nokre har sitt opphav berre 70 år etter dei vart skrive, er rett og slett forbløffande.
Med så mange gamle manuskript er det også mange små variasjonar. Dei handlar for det meste om skrivemåte og rekkjefølgje av orda. Ingen av dei 40 stadene, kor ein ikkje er heilt sikkert på kva som var den opphavlege skrivemåten, har nokon innverknad på viktige område i den kristne truslæra. Me har 100 prosent av Det nye testamente og me er sikre på den opphavlege skrivemåten i 99,5 prosent av teksten.
Om me ikkje hadde hatt tilgang på alle desse gamle manuskripta, grunntekstane, kunne me faktisk rekonstruert mest heile NT frå sitat hjå kyrkjefedrane i det andre og tredje hundreåret. Me manglar berre elleve vers, for det meste frå 2 og 3 Johannes breva. Jamvel om alle nytestamentlege manuskript hadde vorte brende ved slutten av tredje hundreåret, kunne me ha vist kva NT inneheldt ved å studera desse skriftene.
Me kan difor vera heilt trygge på at Det nye testamente ikkje har vorte endra, men at det er slik apostlane og medarbeidarane deira skreiv det. Me veit også at GT ikkje har vorte endra på 2000 år, og difor treng me ikkje dei originale manuskripta for å vita kva dei sa. Teksten som våre moderne omsetjingar av Bibelen byggjer på er så nært originalen at me kan ha full tillit til at det Bibelen lærer er sanning.
Oppsummering
Me har i denne artikkelen vist at Bibelen er Guds ord. Dette kviler på ingen mindre autoritet enn Jesus Kristus sjølv som stadfesta at Det gamle testamente er Guds ord og lova oss Det nye testamente. Vitnemålet til Jesus og apostlane er at Bibelen er feilfri i alt det den lærer i alle ting. Me har også mange bevis på at den Bibelen me har i dag representerer dei originale manuskripta på ein svært nøyaktig måte, mykje betre enn noka anna bok frå oldtida. Gud talar til oss i dag gjennom Bibelen.


Hei Erling!
Første gang jeg besøker sida.
Fantastisk undervisning, og så bra med alle bibelhenvisningene,
da kan man lettere slå det opp og ha et lite bibelstudie selv også!
Veldig inspirerende og godt. Jeg ble så oppmuntra!
Godt med norsk side for slow readers på engelsk :)
Nå mangler bare en side på bokmål:)hihi
:)Ida Strand
Posted by: Ida Strand | 09.03.2009 at 10:49
Hei Ida! Flott at du har oppdaga denne sida! Her er mykje god bibelundervisning og lærerike artiklar om mange emne Eg er glad for å høyra at du vart oppmuntra av undervisninga!
Posted by: Erling Thu | 11.03.2009 at 17:19