Eg
drøymer om menneske som har fått noko større enn seg sjølv
og
sitt eige fellesskap å leva for,
som rettar tankane sine
mot utvikling av heile samfunnet
så det kan verta alt det
er meint å vera.
Menneske som lever i
framtida i dag
fordi dei drøymer store
draumar
og alt no har smaka
kreftene som høyrer den komande verda til.
Menneske som har sine røter
i dei store heltane med tru
som nekta å godta urett og undertrykking
og let draumen om eit rettferdig samfunn driva dei til storverk
fordi dei ser nye utviklingslinjer
og gjer samfunnet betre og varmare.
Dei ser seg sjølv som aktive deltakarar
i eit kosmisk drama der himmel og jord skal samlast i harmoni
Dei ser føre seg eit globalt panorama,
medan dei engasjerer seg i nærmiljøet.
Dei er jordnære kvardagskristne med tru på Den Allmektige
i møte med utfordringar og kriser.
Dei er menneske som ikkje berre står på dørstokken til ei ny tid,
men som ber den nye tida med seg og skaper endring i si notid


Comments