Artiklar, reportasjar og kommentarar om aktuelle emne i lys av profetisk innsikt frå Guds ord og personlege opplevingar i livet og tenesta for Guds rike.
Kona mi og eg har nettopp vore i Orissa
kor me på forunderleg vis fekk kontakt med, enkja og dottera etter pastor Dibya
Singh, ein av våremedarbeidarar i denne delstaten i India. Desse vennene våre
er mellom dei mange offera for aukande ekstremistisk hindu vald mot kristne i
India. Me reiste til Orissa denne gongen for å kunna syna offera vår medkjensle
ved å gråta og be saman med dei.
Så lenge eg kan minnast har eg drøymd om noko meir, noko anna enn
den kvardagen eg levde i. Då eg var liten drøymde eg om å verta doktor. Det var
på den tida eg var sjukleg. Frå treårsalderen til tenåra var eg inn og ut av
sjukehuset heile tida. Doktorane var då dei store heltane mine. Dei lindra
smerte og gjorde folk friske. Dei gjorde livet betre for folk. Dei gjekk ikring
på sjukehuset i kvite frakkar og såg veldig viktige ut. Dei hadde det travelt for
mange ville snakka med dei og ha dei til å sjå på sjukdomen sin. Å vera doktor
måtte vera noko av det største eit menneske kunne verta, tenkte eg og drøymde
om ein dag å kunna hjelpa folk å verta friske.
Profeten Jesaja skildrar ei tid då ingen skal driva med terror eller vondskap av noka slag i samfunnet. Saman med fleire av profetane teiknar han eit flott bilete av fredfulle tilstandar på jorda når Guds rike får råda mellom menneska. Profetane seier at vondskapen som rår i verda og som øydelegg samfunn og nasjonar kjem av at folk ikkje har kunnskap om Gud eller kjennskap til kven han er. Når jorda vert full av kunnskap om Herrens herlegdom, om alt Gud er og verdset, då skal ingen lenger gjera noko vondt. Når me forstår kor viktig kunnskapen om Gud er vil me spreia kunnskap om han og kjennskap til han alle stader me ferdast.
Recent Comments