Kona mi og eg har nettopp vore i Orissa kor me på forunderleg vis fekk kontakt med, enkja og dottera etter pastor Dibya Singh, ein av våremedarbeidarar i denne delstaten i India. Desse vennene våre er mellom dei mange offera for aukande ekstremistisk hindu vald mot kristne i India. Me reiste til Orissa denne gongen for å kunna syna offera vår medkjensle ved å gråta og be saman med dei.
Med tårer i auga fortalde ho oss ei syrgjeleg historie. Mannen hennar var pastor i nabolandsbyen og no var ho på veg til han saman med dottera si. Då dei nærma seg landsbyen såg dei ein stor flokk folk som var samla på vegen ovanføre elva som rann forbi landsbyen. Då møtte ho nokre som åtvara henne mot å gå vidare og ikkje gå inn i landsbyen for ein pastor skulle ha vorte drepen. Med uro i hjartet gjekk ho likevel vidare mot landsbyen. Då ho kom nærare fekk ho auga på eit lik som flaut i elva og ho gjekk ned til elva for å sjå etter kven det kunne vera. Til hennar store sorg såg ho at det var liket av mannen hennar som flaut i elva. Ho kunne sjå at kroppen var full av sår og merke etter slag og at hovudskallen var sprukken.
Ho gjekk med ein gong til politiet for å melda frå om drapet og bad dei koma å hjelpa henne med å ta han opp frå elva, då ingen i den store flokken som stod og såg på ville røra den døde kroppen. Politien kom og tok liket til post mortem. Etterpå fekk ho høyra heile historia om koss ein flokk ekstremistar hadde drepe han dagen før ho kom. Dei hadde fyrst skamslått han med jernstenger. Då han fall til jorda hadde dei slått ham men ein stor skarp stein i tinningen. Etterpå kasta dei han i elva.
Nokre få redde kristne kom for å hjelpa henne å gje mannen hennar ei kristen gravferd. Atmosfæren var veldig fiendtleg. Hinduane likte ikkje at ho hadde gått til politiet. Nokre av ekstremistane tømde parafin over henne og dottera hennar for å setja fyr på dei og brenna dei levande slik dei hadde gjort med mange andre. Men då denne ekstremisten tende fyrstikka reiv ein annan person fyrstikka ut or handa hans og ved Guds nåde greidde enkja og dottera å koma seg unna i tumultane som fylgde.
Medan ho fortalde oss denne grufulle historia kunne me ikkje anna enn gråta med henne og den vakre dottera hennar. Ord vart for fattige til å utrykkja medkjensle og kjærleik. Men me fekk be i lag me dei og fekk vera med å trøysta dei i sorga. Me kunne også gje henne det dei trong for å greia seg dei neste månadane. Nokre av dei andre vennene våre vil hjelpa henne til ein ny start på ein ny stad, for ho ynskjer naturleg nok ikkje å venda tilbake til det området kor mannen og mange andre har vorte drepne.
Me veit at vennen vår, Dibya Singh, har gått til ein betre plass. Han er heime hjå Herren. Har vorte forfremja til herlegdom. Men tankane våre og medkjensla vår er med enkja og dottera, og dei mange andre som sit att i sorg av di deira kjære har vorte offer ekstremistisk hindu vald. Me vil framleis gråta med dei gråtande medan me prøver å hjelpa dei til eit verdig liv etter desse grufulle hendingane.


Comments