For kristne menneske er misjonsarbeid og
det å vinna menneske Jesus noko me alle saman har ansvar for og rett til.
Retten til å utbreia trua og gjera folk til lære er så sjølvsagd for oss at me
ofte ikkje tenkjer over kvifor. For oss er misjon ein menneskerett og ein
naturleg del av utøving av trua vår, men for mange verdslege menneske er det
ikkje like opplagt.
Continue reading "Retten til å gjera folk til disiplar" »
Motstand mot kristentrua er ikkje noko
nytt, men noko kristne har levd med frå fyrste stund. Me kan lesa om motstand
og forfylging av kristne i Apostelgjerningane og i heile kyrkjesoga opp til vår
tid. Apostelen Paulus sa at alle som vil
leva gudfryktig vil verta forfylgde (2.Tim.3,12). Kristne har opp gjennom
historia opplevd sanninga i desse orda. Her i landet vårt har kristne stort
sett vorte sparte for forfølging. Samanlikna med kva kristne i andre land har
måtta gå gjennom må me seia at vanskane våre har vore lette. Likevel er det
slik at det aldri har vore fleire kristne martyrar, som har gjeve livet sitt
for trua på Jesus, enn det er i våre dagar.
Continue reading "Når kristentrua møter motstand" »
Den vestlege verda er i vår tid
kjenneteikna av rasjonalisme, materialisme og såkalla humanisme. Det inneber at
det er berre det som kan forklarast logisk, forståast med forstanden og som set
mennesket i sentrum som er politisk korrekt. Denne sekulære humanismen gjer seg
ut for å vera fornuftig, menneskeleg og livssynsnøytral, medan dei framsteller
alle som trur annleis for å vera sekteriske, inhumane, bakstreverske mørkemenn.
Desse sekulære humanistane, som i praksis også er ateistar, dominerer kultur og
media på ein skræmande måte. Dei vil nok gje folk rett til å tru kva dei vil,
men dei vil seia at denne trua høyrer privatlivet til og bør ikkje blandast inn
i politikk eller samfunnsliv.
Continue reading "Retten til å tru og ha eit offentleg livssyn" »
Å vera disippel av Jesus og tru på han,
fylgja etter han og leva etter hans lære er å vera det me kallar ein personleg
kristen. Det inneber at me har eit personleg forhold til Jesus Kristus. Difor
seier me ofte at me har ikkje ein religion, me er ikkje religiøse, men me har
vorte kjende med Jesus Kristus som er vår Herre og Frelsar. Den såkalla kristne
religionen kan ikkje berga denne verda
me lever i, men Jesus Kristus kan. Folk som kjenner Jesus og lever etter hans
ord kan vera med på å forandra samfunnet og berga nasjonar frå undergang om dei
forstår at trua er personleg, men ikkje privat.
Continue reading "Personleg - men ikkje privat" »
Me må vera som Jissakars søner
som forstod seg på tidene og visste kva Guds folk måtte
gjera (2.Krøn.12,32). Alt har si tid, seier Bibelen, som taler
om frelsens dag og nådens år. Dette nye året er eit
år kor Gud taler og handlar. Gud har talt svært tydeleg
til oss at dette nye året vil få stor betydning for
framtida, for det er eit år kor me skal representera Gud i ord
og gjerning. Det er eit år med oppstode. Det er eit år
med nytt liv. Det er eit år med ny start for mange. Det er eit
år med siger, eit år kor trua vår på Jesus
Kristus skal overvinna store vanskar.
Continue reading "2008 - eit profetisk år i Guds overnaturlege kraft" »
Recent Comments