Eg skriv dette innlegget frå India. Me er saman med indiske kristne som kjem saman i små cellegrupper og litt større husforsamlingar. Dei har til felles at dei veks ved å gjera nye folk til disiplar, og dei møter motstand og forfylging.
I går vart me tekne til ei husforsamling som Moses, ein tidlegare bibelskuleelev, starta for om lag eit halvt år sidan. Samlinga vart forsinka for huseigaren der samlinga skulle ha vore nekta dei å ha samling. I all hast måtte dei samla seg i ein annan heim. Dei kristne som budde der åtte sjølv husværet, så ingen kunne kasta dei ut. Det einaste problemet var at det eine rommet dei hadde var altfor lite. Folk var pressa saman til lovsong og tilbeding.
Det var ikkje rom for oss inne, men dei hadde likså godt strekt ein teltduk over heile gata framføre huset, og der fekk me sitja i skuggen. Etter kvart samla alle seg under teltduken utanføre og nye folk kom til. Midt i bråket og ståket frå alt slags arbeid som gjekk føre seg rundt oss, song og tilbad desse nye kristne uanfekta av naboar som såg på og fylgde med i det som gjekk føre seg frå altanar, vindauga og trappeoppgangar.
Den eine etter den andre stod opp og fortalde om kva Jesus hadde gjort for dei. Folk klappa og jubla etter kvart vitnemål og gav Gud æra. Ein mann hadde vorte frisk frå ein magesjukdom då han gav seg over til Jesus. Ei kvinne hadde vorte lamma på dei eine sida av kroppen. Ho vart frisk etter forbønn og vart ein kristen etterpå. Ein mann fortalde at han hadde vorte lækt frå ein svulst då nokre kristne bad for han. Det gjorde at han tok imot Jesus.
Ei anna kvinne tok imot Jesus på ei togreise der ho møtte Moses som delte evangeliet med henne. Ho var frå det området der den nye husforsamlinga heldt til og vart med ein gong med i fellesskapet. Mannen hennar var ivrig hindu og ein stor motstandar av den nye trua hennar. Han la mange vanskar i vegen for henne, men ho kunne ikkje gje opp trua si. Midt i dette mista mannen synet på begge auga. Han vart heilt blind og mista jobben sin. Folk i forsamlinga kom heim til dei og bad for han og han fekk att både synet og jobben. Då tok han og imot Jesus og vart med i forsamlinga.
Trua på ein levande Gud som gjer under og vitnemål om hans velgjerningar ser ut til å vera nøklar til vokster og framgang for dei kristne husforsamlingane i India. Kanskje me har noko å læra av dei?
Tekst: Erling Thu
PS Dette innlegget vart skrive til Dagen der eg er fast spaltist i spalta I Fokus.


Eg kjenne ein mann med namn Moses omlag 25år frå India.
Me møttes fyrste gongen i Finland kor han var på disippeltreningskule for litt 2 år sia.
Nestan heile familien hans er frelst og han er ungkar og reise no mykje rundt i den Indiske provinsen han bor.
Han sende meg mail av og til og forteljar om monge gode opplevelsar frå Herren kor han virker.
Han forteljar meg at han treng ein sykkel slik at han kan sykla for å komma med evangeliet over dei store stekningane på kortare tid!
Det vil eg hjelpa han med etterkvart når all kapital er på plass, og er det nokon andre paktsvenar som vil hjelpa så er det berre å kontakte meg på mail; gthans@hotmail.com
Posted by: Geir Tore T. Hanssen | 09.04.2007 at 20:32
En utrolig sterk historie! Vi er nok presset langt tilbake på egen banehalvdel i forhold til dette!
Posted by: Are Karlsen | 17.06.2007 at 02:20
Hei Erling!
Interessant og inspirerende å se koblingen mellom mirakel og evangeliumsforkynnelse!
Posted by: Odd Markus Punsvik | 14.10.2008 at 10:49