My Photo

Book Shop


Your email address:


Powered by FeedBlitz

Gåvekorg

Tusen takk!

Tip Jar

februar 2009

må. ty. ons to. fr. la.
1 2 3 4 5 6 7
8 9 10 11 12 13 14
15 16 17 18 19 20 21
22 23 24 25 26 27 28
Blog powered by TypePad

Bibelsyn

Bibelsynet vårt er dei brillene me les Bibelen med og det som avgjer kva me gjer med det me les. Det er dei førestellingar me har om Bibelen og som påverkar korleis me les og kva fylgjer det som står i Bibelen får for oss i livet vårt. Bibelsynet er summen av dei føresetnadane og forventingane me har med oss når me les og studerer Bibelen. Slik sett har me alle eit bibelsyn, jamvel om me ikkje er medvitne om det og kan definera det klart. Eg vil i denne artikkelen prøva å sjå på nokre vanlege bibelsyn og sjå kva fylgjer dei får for dei som held eit slikt syn.

Jesus sa: Dei som Guds ord kom til, vart i lova kalla gudar, og Skrifta kan ikkje setjast ut av kraft. (Johannes evangeliet 10,35)

Apostelen Paulus sa: Eg trur alt det som er skrive i lova og profetane. (Apostelgjerningane 24,14)

Begge desse utsegnene avslører eit underliggjande bibelsyn der Bibelen vert oppfatta som Guds ord til menneska og difor var bindande for liv og lære. Folk som har det same synet i dag vert rekna som bibeltru konservative kristne. Me skal seinare sjå kva det inneber.

Continue reading "Bibelsyn" »

Korleis kan me vita at Bibelen kom frå Gud?

Me veit at Bibelen kom frå Gud på grunn av ein enkel grunn: Jesus sa det! Det er på grunnlag av det han har sagt, han som er Herre over heile universet, at me er trygge på at Bibelen er Guds ord. Jesus stadfesta autoriteten og truverdet til Det gamle testamente gjennom si undervisning, og han lova at han ville gje Det nye testamente gjennom apostlane sine for å fullføra den openberringa av sanninga frå Gud. På grunn av det Jesus Kristus har sagt trur me at Bibelen er Guds ord.

Continue reading "Korleis kan me vita at Bibelen kom frå Gud?" »

Nyklar til framgang i misjonsarbeidet

Eg har dei siste dagane vore på reise i Nord Noreg med Zephry D’Souza frå India. Han fortalt nokre oppmuntrande og gripande forteljingar om framgang for evangeliet midt i tider med forfylging. Eg trur me har mykje å læra av dei kristne i India. Zephry vil gje Gud æra for all framgang, men seia at han har gjeve dei tre bibelske prinsipp som på mange måtar forklarar voksteren mange forsamlingar opplever i India.

Continue reading "Nyklar til framgang i misjonsarbeidet" »

Profetordet står fast!

Peter er opp i åra og forstår at han ikkje har lenge att å leva og skriv for å hjelpa dei kristne til å svara på spørsmål frå tvilarar og forførarar:

Kor vert det av oppfyllinga av profetorda? Kristus har ikkje kome, kanskje han ikkje kjem? Dei kristne forventingane må vera feil!

Ikkje høyr på slike negative røyster, sa apostelen. Me kunngjorde vår Herre Jesu Kristi makt og kome for me var augnevitne til hans guddommelege velde. Det me forkynner er

- ikkje oppdikta eventyr

- ikkje klokt uttenkte mytar

- ikkje tome og menneskelege draumar

Me har høyrd frå Gud. Me har sett hans guddommelege velde. Difor står profetordet så mykje fastare for oss. Og dette ordet gjer de vel i å halda fast på. Det er ei lampe som skin på ein mørk stad til dagen gryr og morgonstjerna stig opp i hjarta dykkar. Men framfor alt skal de vita at ingen kan tyda eit profetord i Skrifta på eiga hand. For aldri vart noko profetord bore fram ved menneskevilje, men drivne av Den heilage ande tala menneske ord frå Gud (2.Pet.1,16-21).

Continue reading "Profetordet står fast!" »

Å gråta med dei gråtande

Kona mi og eg har nettopp vore i Orissa kor me på forunderleg vis fekk kontakt med, enkja og dottera etter pastor Dibya Singh, ein av våremedarbeidarar i denne delstaten i India. Desse vennene våre er mellom dei mange offera for aukande ekstremistisk hindu vald mot kristne i India. Me reiste til Orissa denne gongen for å kunna syna offera vår medkjensle ved å  gråta og be saman med dei.

Continue reading "Å gråta med dei gråtande" »

Fellesskap av menneske som drøymer

Eg drøymer om eit fellesskap av menneske

som drøymer draumar i samsvar med det målet

Skaparen hadde då han sette seg føre å skapa

Menneske som veit koss dei kan utvikla både seg sjølve

og samfunnet ved å følgja guddommelege naturlover

som heile tilværet kviler på.

Menneske som veit koss dei kan samarbeida

 og gjera ting saman for å oppnå meir

enn summen av det dei kan gjera kvar for seg.

Eg drøymer om menneske som ber på dei same draumane,

eig same tru og håp og er drivne av kjærleiken,

og saman arbeider på å verkeleggjera

Guds eige store draum:

 nyskapa heile verda

og føra ho fram til herleg fullending

Å leva for noko større enn seg sjølv

Eg drøymer om menneske som har fått noko større enn seg sjølv

og sitt eige fellesskap å leva for,

som rettar tankane sine mot utvikling av heile samfunnet

så det kan verta alt det er meint å vera.

Menneske som lever i framtida i dag

fordi dei drøymer store draumar

og alt no har smaka kreftene som høyrer den komande verda til.

 

Menneske som har sine røter

i dei store heltane med tru

som nekta å godta urett og undertrykking

og let draumen om eit rettferdig samfunn driva dei til storverk

fordi dei ser nye utviklingslinjer

og gjer samfunnet betre og varmare.

Dei ser seg sjølv som aktive deltakarar

i eit kosmisk drama der himmel og jord skal samlast i harmoni

Dei ser føre seg eit globalt panorama,

medan dei engasjerer seg i nærmiljøet.

Dei er jordnære kvardagskristne med tru på Den Allmektige

i møte med utfordringar og kriser.

Dei er menneske som ikkje berre står på dørstokken til ei ny tid,

men som ber den nye tida med seg og skaper endring i si notid

Eg har ein draum frå barndomen

Så lenge eg kan minnast har eg drøymd om noko meir, noko anna enn den kvardagen eg levde i. Då eg var liten drøymde eg om å verta doktor. Det var på den tida eg var sjukleg. Frå treårsalderen til tenåra var eg inn og ut av sjukehuset heile tida. Doktorane var då dei store heltane mine. Dei lindra smerte og gjorde folk friske. Dei gjorde livet betre for folk. Dei gjekk ikring på sjukehuset i kvite frakkar og såg veldig viktige ut. Dei hadde det travelt for mange ville snakka med dei og ha dei til å sjå på sjukdomen sin. Å vera doktor måtte vera noko av det største eit menneske kunne verta, tenkte eg og drøymde om ein dag å kunna hjelpa folk å verta friske.

Continue reading "Eg har ein draum frå barndomen" »

Kunnskap om Herren forandrar folk og land!

Profeten Jesaja skildrar ei tid då ingen skal driva med terror eller vondskap av noka slag i samfunnet. Saman med fleire av profetane teiknar han eit flott bilete av fredfulle tilstandar på jorda når Guds rike får råda mellom menneska. Profetane seier at vondskapen som rår i verda og som øydelegg samfunn og nasjonar kjem av at folk ikkje har kunnskap om Gud eller kjennskap til kven han er. Når jorda vert full av kunnskap om Herrens herlegdom, om alt Gud er og verdset, då skal ingen lenger gjera noko vondt.
Når me forstår kor viktig kunnskapen om Gud er vil me spreia kunnskap om han og kjennskap til han alle stader me ferdast.

Continue reading "Kunnskap om Herren forandrar folk og land!" »

Draumar frå Guds hjarte

Den nye boka mi må du lesa!

Tekstane i denne boka har eg arbeidt på i mange år. Eg har skrive om draumar frå Guds hjarte for meg sjølv i lengre tid enn eg har skrive på noka bok eg har gjeve ut. For meg er dette meir enn ei bok. Eg prøver å setja ord på noko som er større enn det som kan uttrykkjast i ord og bokstavar. Draumane er meir enn lengt. Dette er noko eg lever for. 

Boka er ei gåve til dei som får oppleva morgondagen. Ho er skriven for dei som vil vera med å skapa eit betre tilvære for menneskeslekta. Eg skriv for ein ny generasjon av drøymande menneske, ein ny visjonær generasjon som våger å leva ut det dei trur på, ber om og lengtar etter.

Continue reading "Draumar frå Guds hjarte" »

Orkanherjingar på Cuba

Img_4927_2 Church High_voltage Roofhole

Eg har nettopp har kome heim frå ein tur til Cuba kor eg har sett herjingane til orkanane og vore med på opninga av metodistane sitt nye teologiske seminar i Havana.

Bakgrunnen for dette besøket på Cuba er eit profetord eg fekk til Keri Kones frå Wales som var ein av hovudtalarane på påskekonferansen vår i Bergen for fire og eit halvt år sidan. Ordet gjekk ut på at han skulle reisa til Cuba kor han skulle møta nokre kristne han skulle velsigna. Då han kom tilbake til UK la han profetordet fram for medarbeidarane sine som bad over det og stadfesta det profetord med nye detaljar om koss Gud skulle leia dei til rette folk.

Continue reading "Orkanherjingar på Cuba" »

Kjærleik - Guds paktsnatur

Gud er ein og tre

Bibelen lærer oss ar Gud er ein og at Gud er tre på same tid. Den Gud me møter og lærer å kjenna gjennom Bibelen er den Gud det kristne fellesskapet vedkjenner seg i dei klassiske truvedkjenningane. Han er Abraham, Isak og Jakobs Gud. Han er Jahve, den evige sjølveksisterande EG ER. Denne eine Gud er samstundes tre, Far, Son og Den Heilage Ande. Kvar av desse tre er Gud, som har del i og saman utgjer den eine guddommelege essens eller vesen. Denne eine Gud er eit mangfald, eit fellesskap av tre personar i den eine treeinige Gud. Det finst ingen annan Gud enn den treeinige Gud. Gud er ingen annan enn Far, Sonen og Anden.

Dette er ikkje berre ei menneskeleg og teologisk forståing av Gud. Dette er heller ikkje berre talemåtar om koss Gud vel å gje seg til kjenne for oss. Det at er Gud er trefaldig og treeining er kjernen i hans evige vesen. Både det å vera ein og det å vera tre, høyrer med til Gud vesen og er ein vesentleg del av hans natur. Det er tre som saman utgjer den eine Gud i all æve, og det er tre, Far, Son og Ande, som arbeider saman i verda for å fullføra sin evige plan for menneskeslekta og heile skaparverket.

Continue reading "Kjærleik - Guds paktsnatur" »

Fri til å ha god sex

Det er godt å seia ja til sin eigen seksualitet og leva han ut i fullt mon etter Skaparens vilje. Kristen livsstil er å nyta dei gode gledene i seksuallivet innanføre den trygge ramma som ekteskapet mellom mann og kvinne er. 

I motsetnad til visse andre religiøse og filosofiske system, gjev Bibelen oss eit svært positivt bilete av den menneskelege seksualiteten som er ein del av det å vera skapt i Guds bilete, som mann eller kvinne. Seksualiteten er ein viktig del av vår personlegdom, ei viktig side av kven vi er, ikkje berre ei skildring av kva vi gjer!

Continue reading "Fri til å ha god sex" »

Om å tala profetord

Gud reiser opp ein ny profetisk generasjon, - eit profetisk folk – som har lært å høyra Guds røyst og tala profetord til menneske, forsamlingar, fellesskap, samfunn og nasjonar. Gud reiser opp eit folk som lever i hans nærvær, forfriska av Ordet og Anden, og som kan verta brukt av Gud til å tena Guds plan i si levetid. Dei lever med Gud i kvardagen og vender hjarte, hug og tankar heile tida til ”Den Levande EG ER, Den Allmektige, så dei kan tala inn i livet til menneske dei møter i jobb, på universitet, på torget, på gata, i nabolaget, over alt kor dei ferdast. Av di dei har lært å leva i Guds nærvær kan dei formidla Guds kraft, nåde, fred, glede, kjærleik og lækjedom til menneske dei møter i kvardagen.

Continue reading "Om å tala profetord" »

Eg ser folk reisa seg

Eg såg at heile landet vårt var i rørsle. Kor eg vende meg såg eg folk reisa seg ein etter ein. Det var som dei høyrde det same kallet og fylgde den same røysta. Denne røysta frå Gud fekk folk til å bryta opp. Dei kom frå mange kantar. Ein og ein stod dei opp og tok til å gå. Då dei fylgde røysta og gjekk fann dei kvarandre, små grupper på to og tre vart til grupper på 10 – 20 – 50 – 100 – 1000 + + . Dei vart ein stor hær av menneske som stod skulder til skulder og gjekk fram hand i hand. Eg såg dei koma frå nord og sør, frå aust og vest. Eg såg sei koma frå den minste bygd og den største by. Eg såg dei koma frå den inste dal og fjord og frå ytste øy. Frå Finnmark i nord til Agder i sør. Frå Hedmark og oppland i aust til Hordaland og Rogaland i sør. Eg såg dei koma frå alle kantar av landet. Det var som ei usynleg hand førte dei saman. Eg såg ein stor hær i rørsle gjennom landet vårt.

Continue reading "Eg ser folk reisa seg" »

Retten til å påverka samfunnet

Som kristne menneske har me ansvar for den verda me lever i. Gud har frå første stund gjeve mennesket eit oppdrag om å styra og råda på jorda og arbeida på å gjera jorda til ein god stad å leva for alle. Me kan ikkje overlata til gudlause menneske å styra utviklinga av samfunnet vårt. Me har rett til å påverka samfunnet. Kristentrua er ikkje privat eller religiøs i vanleg forstand. Kristentrua omfattar heile livet vårt og gjer seg gjeldande på alle område. Difor har kristne menneske til alle tider arbeidt for å påverka og forandra samfunnet. I vår tid skaper politiske vedtak rammer og vilkår for eit godt samfunn. Gjennom politisk arbeid tek kristne menneske ansvar for å styra og utvikla samfunnet til beste for alle våre medmenneske.

Continue reading "Retten til å påverka samfunnet" »

Retten til å gjera folk til disiplar

For kristne menneske er misjonsarbeid og det å vinna menneske Jesus noko me alle saman har ansvar for og rett til. Retten til å utbreia trua og gjera folk til lære er så sjølvsagd for oss at me ofte ikkje tenkjer over kvifor. For oss er misjon ein menneskerett og ein naturleg del av utøving av trua vår, men for mange verdslege menneske er det ikkje like opplagt.

Continue reading "Retten til å gjera folk til disiplar" »

Når kristentrua møter motstand

Motstand mot kristentrua er ikkje noko nytt, men noko kristne har levd med frå fyrste stund. Me kan lesa om motstand og forfylging av kristne i Apostelgjerningane og i heile kyrkjesoga opp til vår tid. Apostelen Paulus sa at alle som vil leva gudfryktig vil verta forfylgde (2.Tim.3,12). Kristne har opp gjennom historia opplevd sanninga i desse orda. Her i landet vårt har kristne stort sett vorte sparte for forfølging. Samanlikna med kva kristne i andre land har måtta gå gjennom må me seia at vanskane våre har vore lette. Likevel er det slik at det aldri har vore fleire kristne martyrar, som har gjeve livet sitt for trua på Jesus, enn det er i våre dagar.

Continue reading "Når kristentrua møter motstand" »

Retten til å tru og ha eit offentleg livssyn

Den vestlege verda er i vår tid kjenneteikna av rasjonalisme, materialisme og såkalla humanisme. Det inneber at det er berre det som kan forklarast logisk, forståast med forstanden og som set mennesket i sentrum som er politisk korrekt. Denne sekulære humanismen gjer seg ut for å vera fornuftig, menneskeleg og livssynsnøytral, medan dei framsteller alle som trur annleis for å vera sekteriske, inhumane, bakstreverske mørkemenn. Desse sekulære humanistane, som i praksis også er ateistar, dominerer kultur og media på ein skræmande måte. Dei vil nok gje folk rett til å tru kva dei vil, men dei vil seia at denne trua høyrer privatlivet til og bør ikkje blandast inn i politikk eller samfunnsliv.

Continue reading "Retten til å tru og ha eit offentleg livssyn" »

Personleg - men ikkje privat

Å vera disippel av Jesus og tru på han, fylgja etter han og leva etter hans lære er å vera det me kallar ein personleg kristen. Det inneber at me har eit personleg forhold til Jesus Kristus. Difor seier me ofte at me har ikkje ein religion, me er ikkje religiøse, men me har vorte kjende med Jesus Kristus som er vår Herre og Frelsar. Den såkalla kristne religionen kan ikkje berga denne verda me lever i, men Jesus Kristus kan. Folk som kjenner Jesus og lever etter hans ord kan vera med på å forandra samfunnet og berga nasjonar frå undergang om dei forstår at trua er personleg, men ikkje privat.

Continue reading "Personleg - men ikkje privat" »

2008 - eit profetisk år i Guds overnaturlege kraft

Me må vera som Jissakars søner som forstod seg på tidene og visste kva Guds folk måtte gjera (2.Krøn.12,32). Alt har si tid, seier Bibelen, som taler om frelsens dag og nådens år. Dette nye året er eit år kor Gud taler og handlar. Gud har talt svært tydeleg til oss at dette nye året vil få stor betydning for framtida, for det er eit år kor me skal representera Gud i ord og gjerning. Det er eit år med oppstode. Det er eit år med nytt liv. Det er eit år med ny start for mange. Det er eit år med siger, eit år kor trua vår på Jesus Kristus skal overvinna store vanskar.

Continue reading "2008 - eit profetisk år i Guds overnaturlege kraft" »

Retten til å gjera folk til disiplar

For kristne menneske er misjonsarbeid og det å vinna menneske Jesus noko me alle saman har ansvar for og rett til. Retten til å utbreia trua og gjera folk til lære er så sjølvsagd for oss at me ofte ikkje tenkjer over kvifor. For oss er misjon ein menneskerett og ein naturleg del av utøving av trua vår, men for mange verdslege menneske er det ikkje like opplagt.

Continue reading "Retten til å gjera folk til disiplar" »

Hjelpearbeid og misjonering

Saman med Solveig, kona mi, har eg vore på reise i India. Me har nett vitja 29 familiar frå Yanadi folket som har fått eit heilt nytt liv på grunn av hjelp frå kristne i Noreg. Eg møtte desse familiane fyrste gong rett etter at tsunamibylgja hadde teke frå dei alt dei hadde. Yanadifolket høyrer til dei kastelause og fattigaste av dei fattige i India. Me opplevde at me skulle prøva å hjelpa dei til eit betre liv.

Continue reading "Hjelpearbeid og misjonering" »

Å vera gift

Då den ynsgte dottera vår gifta seg i sommar vart eg beden om å lesa eit dikt om ekteskapet i viinga. Det enda med at eg skreiv eit dikt om det å vera gift som eg las og fekk gode tilbakemeldingar på. Difor legg eg det ut her!

Continue reading "Å vera gift" »

Skattesnusk

Ordføraren i Oslo har ufriviljug fått hovudrolla i mediestormen om skattesnusk. Eg skal ikkje ta stilling til mediekjøret om økonomisk kriminalitet og dumskapen til ordføraren. All sunn fornuft seier at slikt skal ikkje førekoma og serleg ikkje hjå folk som lever av tillit, slik politikarar gjer. Alle bør betala den skatten som samfunnet legg på dei for å gjera landet vårt til ein god stad å bu og veksa opp i. Me må alle ta ansvar for det store fellesskapet og betala skatt med glede.

Continue reading "Skattesnusk" »

Eit nytt menneske legg av det gamle

Bibelen tek i bruk sterke og fargerike ord når han skildrar den store omveltinga det er å verta ein kristen – ein Jesu etterfylgjar. Mange av desse orda understrekar den store gjennomgripande endringa som hender i ein augneblink. Me snakkar ofte i fortid slik eg gjer i det første avsnittet nå me snakkar om å verta frelst. Me seier ”eg vart, eg har vorte, difor er eg” og det høyrest ut som om alt er avslutta og me kan ikkje verta meir enn me alt er.

Continue reading "Eit nytt menneske legg av det gamle" »

Ny bok

For nokre dagar sidan fekk eg boka "Mening med livet?" frå trykkeriet. Denne n ye boka er ei nyskriving med mange tillegg av ei evangeliseringsbok med same tittel som vart utgjeven på Logos Forlag i si tid. Den førre utgåva er seld i omlag 300000 eksemplar på norsk, dansk, svensk, tysk og kinesisk. Eg trur at denne nye boka vil verta til hjelp for mange menneske til å koma til tru og verta kjende med Jesus Kristus.

Eg har ikkje fått gjort boka tilgjengeleg i Erling Thu Books endå, men det kjem snart. I mellomtida kan boka tingast ved å senda ein e-post til meg. Boka har berre ein feil som eg er klar over og det er at ho er på bokmål!

Lat arbeidet ditt vera ei tilbeding!

Eg skal ha nokre dagar saman med studentane på Bergen Bibelskule i dagane som kjem. Emnet mitt er om arbeid. Kvifor skal me arbeida og koss skal me arbeida er nokre av dei tinga me skal sjå på. Det viktigaste er at arbeidet er meint å gjerast som ei tilbeding til Gud.

Continue reading "Lat arbeidet ditt vera ei tilbeding!" »

Husforsamlingar veks

Eg skriv dette innlegget frå India. Me er saman med indiske kristne som kjem saman i små cellegrupper og litt større husforsamlingar. Dei har til felles at dei veks ved å gjera nye folk til disiplar, og dei møter motstand og forfylging.

Continue reading "Husforsamlingar veks" »

Vårt oppdrag - mitt oppdrag

Nokre gongar er det sunne og åndeleleg ein vanskeleg balansegang. I denne artikkelen prøver eg å setja lyset på spenninga mellom fellesskapet og individet. Koss kan me vera eit tett og nært fellesskap som frigjer folk og elskar fram initiativ og friske tiltak? Koss kan eg fullføra kallet og tenesta mi samstundes som eg underordnar meg fellesskapet? Koss får me personleg ansvar og fridom til å gå saman med lojalitet og underordning i fellesskapet? Eg har ikkje alle svara på desse spørsmåla, men voner at eg kan hjelpa kristne sysken til å tenkja gjennom stoda si så dei kan søkja Gud og finna svar for seg sjølve.

Continue reading "Vårt oppdrag - mitt oppdrag" »